Her har vi laga ei oversikt over det samla valfagstilbodet ved Ørsta ungdomsskule. Med å blade deg gjennom toppmenyen vil du kunne finne info om kompetansemål, vurdering og innhald i dei ulike valfaga. Vi håpar denne oversikta er til hjelp for deg som skal velje valfag, samtidig som det kan vere av interesse for andre å sjå litt av skuleinnhaldet vårt. Valfaga vil ha eit omfang på 2 t/v.
Du vel valfag kvart år, i Vigilo. Er det for mange elevar på eit valfag, blir det loddtrekning om plassane. Om det er for få elevar som vel eit fag, blir det ikkje sett i gong. Då får du 2. , 3. eller 4. ønsket ditt, osv.
Føresette vil få opp nyheitssaka "Valfag-ønske 25/26" i Vigilo
Saman må de velje 5 fag i prioritert rekkefølgje og sende inn
Frist: 30. mai (9. mai for 9. og 10. trinn)