Undervegsvurderinga skal bidra til å fremme læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i valgfaget innsats for andre når dei deltek aktivt i planlegginga og gjennomføringa av tiltak, når dei bidreg til at andre opplever å høyre til i eit fellesskap, og når dei forstår og reflekterar over kva frivilleg arbeid er og betyr.
Læraren skal legge til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom ulike oppgåver der elevane kan utvikle samarbeidsevne og følge etiske retningslinjer i sosial innsats for andre. Læraren skal være i dialog med elevane om deira utvikling i faget. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å sette ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling når det gjeld å planlegge, utvikle og gjennomføre sosial innsats for andre. Læraren skal gi veiledning om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke veiledninga for å utvikle kompetansen sin i kommunikasjon, relasjonsbygging, deltaking og refleksjon over gjennomførte tiltak.