Undervegsvurderinga skal bidra til å fremme læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i valgfaget produksjon for scene når dei planlegg og deltek i en scenisk produksjon. Dei viser og utviklar også kompetanse når dei reflekterar over eigen utvikling og over prosessen med å skape ein scenisk produksjon. Vidare viser og utviklar elevane kompetanse når dei reflekterar over valg i skapande prosessar, kommunikasjon og samspel.
Læreren skal legge til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte, utforskande og kreative oppgåver som inngår i ein scenisk produksjon. Læraren skal utfordre elevane til å bruke sin kreativitet i sceniske prosessar, bidra til samspel og til å dele sine erfaringar rundt kunstneriske uttrykk og kulturopplevingar. Læreren skal være i dialog med elevane om deira utvikling i faget. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å sette ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi veiledning om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke veiledninga for å utvikle kompetansen sin i faget.
Standpunktkarakteren skal være uttrykk for den samla kompetansen eleven har i valgfaget produksjon for scene ved avslutnina av opplæringa. Læreren skal planlegge og legge til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenkning, i ulike samanhengar. Læreren skal sette karakter i valgfaget produksjon for scene basert på kompetansen eleven har vist i utforsking av ulike kunstneriske uttrykk og kulturopplevingar. I tillegg skal karakteren baserast på kompetansen eleven har vist innanfor scenisk produksjon og kunstnerisk formidling og i utvikling av identitet og sjølvstende gjennom samspel og samarbeid.