I valfaget produksjon for scene har vi som mål å arbeide fram produksjonar som inneheld musikk, dans og/eller skodespel. Produksjonane framfører vi for kvarandre og omverda anten live eller som opptak, og heile prosessen er i fokus: frå planlegging og innøving til framføring og eventuelt filming.
I skuleåret 25/26 håper vi å kunne starte opp ei gruppe med drama og ei gruppe med kor/band.
I drama og teater-gruppa skal vi planlegge ein scenisk produksjon for publikum. I dette er det mykje som inngår. Du vil møte både skodespel, samspel, dramaleik, sang og andre kreative oppgåver som er knytt til ein scenisk produksjon.
Faget handlar om at du skal få utfordre og utvikle ferdigheitene dine, både sosialt og fagleg. Eit mål er også at faget skal styrke sjølvbilde, sjølvinnsikt og sosial kompetanse.
Vi skal i lag bli enige om eit spel som passar gruppa vår best. Derfor vil oppstarten gå ut på at vi skal bli bedre kjend med kvarandre, slik at vi kan bli komfortable på kvarandre. Dette vil skje gjennom ulike dramaleikar. Eit mål er at dette vil bidra til at du blir kjend med kva du sjølv kan gjere, og at du vil kjenne på utfordring og meistring.
I kor-gruppa vil hovudfokuset vere på å synge saman. Målet er at du skal bli trygg på eiga stemme og at du skal få nyttige tips og triks som kan gjere synginga enklare og betre både for deg sjølv og for gruppa du syng i lag med.
Ei typisk økt med skulekor vil innehalde oppvarming (øvelsar for teknikk, presisjon, gehør og intonasjon) og innøving av stoff. Med jamne mellomrom er målet å framføre det vi øver inn for skulen og/eller andre som vil høyre. Vi kjem til å veksle mellom ulike sjangrar, og vi vil variere på om musikken er a cappella eller med band, piano eller instrumental - alt etter kva som er mogleg i den gruppa vi blir.
Utover det å synge, vil ein måtte forholde seg til nedskriven musikk i form av notar, besifring/akkordar og tekstar. Vi kjem til å arbeide med formidling av musikk, samt det å instruere og leie kvarandre i ein musikalsk samanheng.