Undervegsvurderinga skal bidra til å fremme læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i valgfaget programmering når dei løyser problem og lagar og gjer rede for kode. Elevane viser og utviklar også kompetanse når dei jobbar praktisk og utforskande med å planlegge, utføre og presentere arbeid med å utvikle digitale produkt.
Læraren skal legge til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom å la elevane prøve ut varierte praktiske, utforskande og kreative arbeidsmåtar i programmering. Læreren skal være i dialog med elevane om deira utvikling i faget. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å sette ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling. Læraren skal gi veiledning om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke veiledninga for å utvikle kompetansen sin i algoritmisk tenkning, koding og programvareutvikling.
Standpunktkarakteren skal være eit uttrykk for den samla kompetansen eleven har i valgfaget programmering ved avslutninga av opplæringa. Læreren skal planlegge og legge til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståelse, refleksjon og kritisk tenkning, i ulike samanhengar. Læreren skal sette karakter i valgfaget programmering basert på kompetansen eleven har vist i problemløsing og i planlegging av, utvikling av, koding av, feilsøking av og refleksjon omkring programmerbare teknologiske løysingar.