Undervegsvurdering skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i praktisk handverksfag når dei øver på å bruke ulike verkty og handverksteknikkar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei vurderer og vel kva råmateriale dei skal bruke, og brukar desse på ein berekraftig og hensiktsmessig måte. Elevane viser og utviklar også kompetanse når dei arbeider utforskande og kreativt og samtidig har orden og oversikt i prosessen.
Læraren skal legge til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte oppgåver som utfordrar elevane til å sjå nye bruksområder for fleire typer verkty og nye måter å beherske dei på. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i faget. Elevane skal få mulighet til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få mulighet til å sette ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eigen fagleg utvikling når det gjeld prosess og produkt. Læraren skal gje veiledning om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke veiledninga for å utvikle kompetansen sin innanfor praktisk handverk.
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i valfaget praktisk handverksfag ved slutten av opplæringa. Læraren skal planlegge og legge til rette for at eleven får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal sette karakter i valfaget praktisk handverksfag basert på kompetansen eleven har vist gjennom verktybruk, handtering og beskrivelse av råmaterialer og evnen til å grunngje val når dei utviklar produkt. Alle delar av arbeidsprosessen skal vektleggast når standpunktkarakteren blir sett.