Psykologi
1 og 2
Kombinasjonen psykologi 1 + psykologi 2 gir deg ei fordjupning i
språk, samfunnsfag og økonomiske fag
Kombinasjonen psykologi 1 + psykologi 2 gir deg ei fordjupning i
språk, samfunnsfag og økonomiske fag
Psykologi 1 er eit fag som forsøker å forklare menneskers tanker og atferd. Faget hjelper oss å besvare ulike spørsmål vi har om oss sjølve og andre, knytte til kvifor vi er som vi er. Dette omhandlar både biologi, behaviorisme, sosialt, kognitivt, psykoanalytisk og humanistisk fokus. Mellom anna ser vi på korleis personlegdomen vår utvikler seg og korleis vi som einskilde individ sosialiseres i eit større samfunn.
Andre tema vi ser på kan vere kva det er med oss som er eit produkt av arv og miljø i lys av vår atferd, men óg korleis vi kan oppnå livsmeistring.
Det er stort fokus på munnlege vurderingar, men óg arbied med caseoppgåver i faget gjennom året.
Du kan bli trekt ut til munnleg eksamen i faget.
Dette faget byggjer på psykologi 1, men du treng ikkje å ha psykologi 1 før du tek dette faget. Faget komplementerer dei ulike områda frå psykologi 1.
Her tar vi for oss mellom anna kommunikasjon, kultur og korleis vi opptrer i grupper, samt helsepsykologi og behandling.
Du arbeider med skriftlege og munnlege oppgåver gjennom året.
Du kan bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen i faget.