Teknologi- og forskingslære
1 og 2
Kombinasjonen teknologi og forskingslære 1+ teknologi og forskingslære 2 gir ei realfagleg fordjupning
Kombinasjonen teknologi og forskingslære 1+ teknologi og forskingslære 2 gir ei realfagleg fordjupning
Olsvikåsen vgs tilbyr ikkje teknologi- og forskingslære 1 skuleåret 2024-2025
Hovudfokuset i faget ligg i ulike naturvitskaplege metodar. Det inneber at ein lærer å gjennomføre og dokumentere forsøk. Det vil seie å finne problemstilling, bestemme metode, lage/bestemme utstyr, vurdere resultat og dokumentere prosess.
Arbeidsmåtar
I TOF 1 er det noko teoretisk gjennomgang, men i hovudsak utforskande arbeidsmetodar. Ein kan i stor grad undersøke problemstilling frå start til slutt. Gjennom prøving og feiling vil både teoretisk og praktisk forståing auke.
Vurderingsformer:
I TOF 1 blir du vurdert på ulike måtar, hovudsakleg gjennom rapportar frå forsøk, refleksjonsnotat og presentasjonar, men óg skriftlege prøvar.
I TOF1 kan du kome opp i munnleg-praktisk eksamen.
Arbeidsmengd:
Sidan TOF 1 er eit utforskande fag byggjer det på at du er nysgjerrig og interessert og tek aktivt del i undervisninga i klasserommet. Du brukar ein god del utstyr du ikkje har heime, og det er av den grunn lite lekser i faget.
Olsvikåsen vgs tilbyr ikkje teknologi- og forskingslære 2 skuleåret 2024-2025