Geofag 1 og 2
Kombinasjonen av geofag 1 + geofag 2 gir ei realfagleg fordjupning
Kombinasjonen av geofag 1 + geofag 2 gir ei realfagleg fordjupning
Kva lærer du i geofag ?
"Geo" betyr "jord". Geovitskap handlar om å forstå samspelet mellom mange av jordas "sfærer", heilt frå straumar som går føre seg inne i jorda, ut til værsystem i atmosfæren. Dagsaktuelle tema som klima og klimaendringar, naturkatastrofar og fornybare energiressursar er alle ein del av faget. Med geofag står du betre rusta til å delta i debatten kring mange av desse store utfordringane.
I geofag arbeider vi med både teoretiske og praktiske oppgåver, og du lærer å gjere feltarbeid. Du får kunnskap om naturvitskaplege metodar og undersøkingar som blir brukt for å kunne utforske og modellere jorda si utvikling både framover og bakover i tid. Dette er kompetanse som samfunnet treng for at vi skal kunne tilpasse oss til utviklinga som skjer i natur og samfunn i dag, og for å kunne sikre ei bærekraftig ressursbruk og framtid for jorda og alt som lever her.
Geofag 1 har fokus på hydrosfæren og geosfæren. Det vil seie ressursar og prosessar som omfatter ferskvatn, det indre av jorda og jordskorpa, bergartar og mineralressursar. Førebygging og tilpassing til naturfarer som skjer i hydrosfæren og litosfæren, som for eksempel flom og skred, jordskjelv og vulkanisme er aktuelle tema.
I geofag 1 kan du kome opp i munnleg-praktisk eksamen.
Geofag 2 har fokus på atmosfæren, havet og kryosfæren (snø og is), og vekselvirkningane mellom desse. Det vil sei strålingsbalanse og sirkulasjon i atmosfæren, med værsystem og klimaendringar, havstraumer og samspel mellom hav og atmosfære. Klimaforsking og konsekvenser av klimaforsking er også sentrale tema i faget.
I geofag 2 kan du kome opp i skriftleg og/eller munnleg-praktisk eksamen.
Heile læreplanen i geofag finn du her: https://www.udir.no/lk20/gfg01-02