Informasjonsteknologi
1 og 2
Kombinasjon av informasjonsteknologi 1 + informasjonsteknologi 2 gir ei realfagleg fordjupning
Kombinasjon av informasjonsteknologi 1 + informasjonsteknologi 2 gir ei realfagleg fordjupning
Kva lærer du i informasjonsteknologi 1?
I IT1 lærer du mellom anna å drøfte teknologi og samfunn/individ, forstå korleis komponentane i ei datamaskin og i eit nettverk virkar, lage nettsider med datahandtering og mykje meir moro. IT1 saman med IT2 gjev eit veldig godt grunnlag for vidare studiar innan teknologi, ingeniør og entreprenørskap.
Arbeidsmetodar:
I IT1 utforskar vi datamaskiner ved å skrive eigen kode og lage eigne produkt, ved å fysisk skru på datamaskiner og nettverkskomponentar og forstå korleis ei datamaskin fungerer. Vi diskuterer óg teknologi og korleis samfunnet og individet vert påverka av dette.
Arbeidsmengd:
For å lukkast med IT1 kan det vere greitt å ha litt interesse for teknologi. Det krevst ingen forkunnskap, og faget blir tilpassa elevane og det dei interesserer seg for innan informasjonsteknologi.
Du kan bli trekt ut til munnleg-praktisk eksamen i faget.
Kva lærer du i informasjonsteknologi 2?
I IT2 lærer du mellom anna å drøfte teknologi og samfunn/individ, forstå korleis komponentane i ei datamaskin og eit nettverk virkar, lage nettsider med datahandtering og mykje meir moro. IT1 saman med IT2 gir eit veldig godt grunnlag for vidare studiar innan teknologi, ingeniør og entreprenørskap.
Du treng ikkje ha tatt informasjonsteknologi 1 for å kunne ta informasjonsteknologi 2.
Arbeidsmetodar:
I IT2 utforskar vi datamaskiner ved å skrive eigen kode og lage eigne produkt, ved å fysisk skru på datamaskiner og nettverkskomponentar og forstå korleis ei datamaskin fungerer. Vi diskuterer óg teknologi og korleis samfunnet og individet blir påverka av dette.
Arbeidsmengd:
For å lukkast med IT2 kan det vere greitt å ha litt interesse for teknologi. Det krevst ingen forkunnskap, og faget blir tilpassa elevane og det dei interesserer seg for innan informasjonsteknologi.
Du kan bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg-praktisk eksamen i faget.