Fysikk 1 og 2
Kombinasjonen fysikk 1+ fysikk 2 gir ei realfagleg fordjupning
Kombinasjonen fysikk 1+ fysikk 2 gir ei realfagleg fordjupning
Fysikk handlar om å forstå verda, frå dei minste partiklane til heile universet.
Kva lærer du i fysikk 1?
Fysikk 1 er ein godtepose av ulike emner. Ein lærer mykje om samanhengen mellom krefter, rørsle og energi, og er innom fagområda termofysikk, bølgjefysikk, atomfysikk, kjernefysikk, astrofysikk og elektrofysikk.
Kva lærer du i fysikk 2?
Fysikk 2 byggjer på fysikk 1, og det er eit krav at du har fullført fysikk 1 før du tar fysikk 2. Fysikk 2 fokuserar noko meir på utforsking av ulike felt (gravitasjonsfelt, elektriske og/ eller magnetiske felt). I fysikk 2 lærer ein og om Albert Einstein sin relativitetsteori, og samanliknar klassiske objekt med kvanteobjekt.
Arbeidsmåtar:
I fysikkfaget brukar vi matematikk for å sjå samanheng i naturlege fenomen, som til dømes det fantastiske nordlyset, og som verkty til å forutseie utfall av fysiske prosessar, og som til dømes ein kollisjon eller ein eksplosjon. Vi utfordrar vitskapelege påstandar, både teoretisk og eksperimentelt.
Vurderingsformer: I fysikk blir ein vurdert på ulikt vis, hovedsakleg gjennom skriftlege prøver og rapportar frå forsøk, men og gjennom innleveringar og andre typar gruppearbeid eller presentasjonar.
I fysikk 1 kan ein kome opp i munnleg-praktisk eksamen.
I fysikk 2 kan ein kome opp i skriftleg og/eller munnleg-praktisk eksamen.
Arbeidsmengd
Fysikk 1 er eit krevjande fag. Ein må jobbe godt og kontinuerleg for å lukkast i faga, og ha ein interesse for matematikk. Skal ein ta fysikk bør ein ha S- eller R-matte.