Biologi 1 og 2
Kombinasjonen biologi 1+ biologi 2 gir ei realfagleg fordjuping
Kombinasjonen biologi 1+ biologi 2 gir ei realfagleg fordjuping
Biologi er kort sagt læra om livet.
Biologi er eit fantastisk fagfelt der ein lærer samanhengane mellom, og funksjonane til, levande organismar, og korleis dei er tilpassa miljøet dei lever i. Dette gir deg viktig kunnskap om samspelet mellom jorda sine ulike økosystem, og set deg i stand til å ta gode og gjennomtenkte helse- og naturfaglege val for framtida. Biologi er både eit praktisk og eit teoretisk fag. Ein gjer ei rekke forsøk, feltarbeid og observasjonar, og studerer modellar som styrkjer teorien undervegs.
Biologi er delt inn i biologi 1 og biologi 2, og det blir tilrådt å ta biologi 1 før biologi 2.
I biologi 1 handsamar vi alt frå tema som oppbygging og funksjon til celler, og til korleis fleire celler dannar eit organ, og korleis det igjen kan fungere. Vi ser på organa til ulike levande organismar, alt frå svampar, planter og menneske sine, og vi skal forstå korleis ei levande organisme fungerer i sin heilskap.
Korleis har det seg at vi har eit hjarte som kan pumpe næringsstoff og gassar rundt i kroppen, medan eit 100 meter høgt tre kan pumpe vatn 100 meter rett opp, i motsatt retning av gravitasjonen, utan ei slik pumpe?
Dette og mykje meir prøver vi å finne ut av i biologi .
Du kan bli trekt ut til munnleg-praktisk eksamen i faget.
I biologi 2 har vi meir fokus på dei biokjemiske prosessane som skjer i levande organismer og i cellene deira. Tenk at ei lita celle er i stand til å leve ved å ta til seg næring og kvitte seg med avfall.
Du kan bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg-praktisk eksamen i faget.
Om du tenkjer å utdanne deg innan biologiske fagfelt som medisin, legemiddel, tannlege, biokjemi pluss mykje anna, vil du få ein god start og eit stort forsprang ved å ta biologi som programfag.