Matematikk R1 og R2
Kombinasjonen matematikk R1+ matematikk R2 gir ei realfagleg fordjupning
Kombinasjonen matematikk R1+ matematikk R2 gir ei realfagleg fordjupning
Kva lærer du i matematikk R1?
R1 byggjer vidare på ein del teori frå 1T. Her får du ei djupare matematisk forståing innan emne som algebra, derivasjon, grenseverdiar, funksjonslære, logaritmer og modellering. I R1 blir du óg introdusert for nye emner om vektorar og vektorfunksjonar.
Arbeidsmåtar:
I R1 arbeider vi sjølvstendig med oppgåver og lærer ny teori i samhandling med lærar. Vi brukar verkty som papir og blyant, Geogebra og programmering for å løyse eit breitt utval av oppgåver.
Vurderingsformer:
Gjennom året blir du vurdert med skriftlege prøver på 1-2 kapittel på kvar prøve. På slutten av kvar termin blir du vurdert med ei større heildagsprøve. Elevane kan bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen i R1.
Arbeidsmengd:
R1 krev stor arbeidsinnsats både i timane og heime. Om du arbeider jamnt og godt med faget er sjansane store for at du får ein god karakter. For å oppnå ein god standpunktkarakter bør ein vere interessert i matematikk og ha eit godt grunnlag frå 1T.
Kva lærer du i matematikk R2?
R2 byggjer vidare på R1, og det er eit krav om at du har R1 før du tek til med R2.
Om du vel å ta både R1+R2 gir dette deg ferdigheiter som er grunnleggjande for vidare studier innan naturvitskap, medisin, teknologi, og datafag,
Arbeidsmåtar:
I R2 arbeider vi sjølvstendig med oppgåver og lærer ny teori i samhandling med lærar. Vi bruker verkty som papir og blyant, Geogebra og programmering for å løyse eit breitt utval av oppgåver.
Vurderingsformer:
Gjennom året blir du vurdert med skriftlege prøver på 1-2 kapittel på kvar prøve. På slutten av kvar termin vert du vurdert med ei større heildagsprøve. Elevane kan bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen i R2.
Arbeidsmengd:
R2 krev stor arbeidsinnsats både i timane og heime. Om du arbeider jamnt og godt med faget er sjansane store for at du får ein god karakter. For å oppnå ein god standpunktkarakter bør ein vere interessert i matematikk og ha eit godt grunnlag frå R1.