Matematikk S1 og S2
Kombinasjonen matematikk S1 + matematikk S2 gir ei realfagleg fordjupning.
Kombinasjonen matematikk S1 + matematikk S2 gir ei realfagleg fordjupning.
Kva lærer du i matematikk S1?
Matematikk S1 byggjer vidare på matematikk frå 1T. Det er noko repetisjon frå 1T, men det er óg mykje nytt stoff. Vi lærer meir om derivasjon og får ei større verktykasse for derivasjonsreglar. Det er óg eit større fokus på matematiske skrivemåtar og mengdelære. Funksjonslære er eit sentralt tema i S1- både forståinga av desse og til bruk i programmering. Sannsynlegheit er óg ein del av innhaldet i S1.
Arbeidsmåtar:
I S1 vil vanlegvis læraren introdusere nytt stoff som han eller ho løyser på tavla og viser korleis det skal reknast ut. Det er óg mykje oppgåveløysing, som det generelt er i matematikk på alle nivå. Det er óg høve for spel og å praktisere og lære matematikken på fleire måtar enn berre rekning. Eit godt eksempel her er programmering. Å løyse oppgåver både på og utanfor skulen er viktig for å kunne forstå og tileigne seg ny matematikk.
Vurderingsformer:
Det vil variere litt kva vurderingsformer som vert valde, men det kan være både leksetestar, innleveringar, tradisjonelle prøvar, munnlege prøvar og gruppearbeid.
Til slutt kan ein bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen.
Arbeidsmengd:
Skal du ta S1 bør du ha 1T som grunnlag, ikkje 1P. Erfaringar viser at overgangen frå P til S er for stor for mange. Om ein vil oppnå ein god karakter er det viktig med jevn jobbing i faget. Ein kan sjå føre seg cirka 3-4 økter per veke med oppgåvearbeid ca ein halvtime per økt utanom undervisningstimane.
Kva lærer du i matematikk S2?
Matematikk S2 byggjer vidare på S1, difor må ein ha hatt det før ein tek til med S2. Nokre tema som er viktige i S2 er: Rekkjer og bruk av desse i praktiske situasjonar, meir om funksjoner, integrasjon og derivasjon, og ei utvida forståing av statistikk og sannsynlegheit. Vi nyttar mellom anna Geogebra og programmering som verkty i S2 og det byggjer vidare på det ein lærte om i S1.
Arbeidsmåtar:
I timane pleier læraren gå gjennom fagstoff, deretter gjer elevane oppgåver individuelt og får hjelp til det dei treng. Det er óg viktig å arbeide med stoffet heime fleire gonger i veka. Som i S1 er det å løyse oppgåver både på og utanfor skulen viktig for å kunne forstå og tileigne seg ny matematikk.
Vurderingsformer:
Det vil variere litt kva vurderingsingsformer som blir valde, men det kan vere både leksetestar, innleveringar, tradisjonelle prøvar, munnlege prøvar og gruppearbeid.
Til slutt kan ein bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen.
Arbeidsmengd:
Faget krev at ein må arbeide jamt og godt gjennom heile pensum heile året. Dersom ein gjer dette, vil ein klare å meistre faget. Ein kan sjå føre seg noko slikt som 3-4 økter per veke med oppgåvearbeid á 30-40 minutt per økt utanom undervisningstimane.