Engelsk
1 og 2
Kombinasjonen engelsk 1+ engelsk 2 gir ei fordjupning i språk, samfunnsfag og økonomiske fag.
Kombinasjonen engelsk 1+ engelsk 2 gir ei fordjupning i språk, samfunnsfag og økonomiske fag.
Engelsk 1 byggjer vidare på engelsk frå Vg1, men har som mål å gå i djupna i faget.
Engelsk 1 fokuserar på korleis språket vert brukt som kommunikasjonsspråk både på internett og i fysiske situasjonar. Engelsk si rolle som verdsspråk har med seg både moglegheiter, utfordringar og konsekvensar, og språket har ei viktig rolle i internasjonale debattar og i løysing av internasjonale utfordringar. Dette er noko av det vi ser nærare på i Engelsk 1.
Kanskje det aller beste med dette faget er at det heile vegen tek for seg dagsaktuelle tema som vedkjem heile den engelskspråklege verda, og fleire av desse temaa har fått mykje fokus dei siste åra: Konspirasjonsteoriar, fake news, sosiale media, klimaendringar, aktivisme, raseproblematikk og diskrimering, og mykje meir.
Gjennom året les vi eit lengre skjønnlitterært verk. I tillegg ser vi filmar og dokumentarar knytt til tema vi jobbar med, og i løpet av året skal elevane og jobbe med eit sjølvvald fordjupningsprosjekt.
Du får to karakterar: Ein munnleg karakter og ein skriftleg karakter. Du kan bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen i faget.
Engelsk 2 byggjer vidare på engelsk 1, og du må ha tatt engelsk 1 for å kunne ta dette faget.
Viktig fokus blir retta mot historie, politikk og samfunn i USA og Storbritannia. Desse tre delane heng nøye saman og går over i kvarandre, sidan dagens historie utgjorde gårdsdagens samfunn og politkk.
Det mest fascinerande med faget er at mykje av det vi jobber med i timene er det same som vi ser på TV eller les i aviser, til dømes storminga av kongressen i Washington i 2021, Black Lives Matter, tronskifte i Storbritannia, og mykje meir.
Korleis kunne Donald Trump vinne valet i 2016 utan juks sjølv om Hillary Clinton fekk mange fleire stemmer? Dette kan forklarast med valsystemet, som vi ser på i politikkdelen av faget.
Andre viktige fokus er på eigen språklæring og ulike tekstsjangrar. Vi les skjønnlitteratur, mellom anna eit lengre moderne verk, til dømes ein roman eller eit skodespel. Vi ser både spelefilmar og dokumentarar, og tar gjerne ein tur på teater eller kino.
Du får to karakterar: Ein munnleg karakter og ein skriftleg karakter. Du kan bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen i faget.