Rettslære
1 og 2
Kombinasjonen rettslære 1+ rettslære 2 gir ei fordjupning i språk, samfunnsfag og økonomiske fag
Kombinasjonen rettslære 1+ rettslære 2 gir ei fordjupning i språk, samfunnsfag og økonomiske fag
Lurer du på kva som er rettane dine når du handlar i butikken? Vil du lære meir om straffesaker? Eller vil du kanskje studere juss?
I rettslære lærer du om korleis du går fram for å løyse rettslege problemstillingar. I tillegg lærer du om samfunnet med tanke på spørsmål knytta til rettsvesenet og domstolane.
I timane arbeider vi mykje med case, der vi løyser sakane og bruker reglane vi lærer om, så det vert noko skriving i faget.
Lovsamling/lovdata er hjelpemiddel både på prøver og eksamen, så vi puggar ikkje paragrafane. Det gjeld å forstå desse og bruke dei riktig.
I rettslære 1 er temaene forbrukarkjøp, arverett, likestilling og reglar i arbeidslivet og vi diskuterer dagsaktuelle spørsmål.
Du kan bli trekt ut til munnleg eksamen i faget.
Rettslære 2 byggjer vidare på rettslære 1, men du må ikkje ha hatt rettslære 1 før du byrjar i faget.
I rettslære 2 er tema menneskerettar, strafferett, forvaltningsrett og spørsmål om erstatning.
I tillegg utforskar vi dagsaktuelle spørsmål knytta til miljø.
Du kan bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen i faget.