Historie og filosofi
1 og 2
Kombinasjonen historie og filosofi 1+ historie og filosofi 2 gir ei fordjupning i språk, samfunnsfag og økonomiske fag.
Kombinasjonen historie og filosofi 1+ historie og filosofi 2 gir ei fordjupning i språk, samfunnsfag og økonomiske fag.
Historie og filosofi 1 er eit fag som gir deg gode høve til å fordjupe deg i historie, og samtidig diskutere spørsmål som "Kva er eit godt liv?" og "Korleis får vi kunnskap om verda?". Dette faget viser deg samanhengen mellom mange av dei andre faga dine, gir deg ein djupare forståing av kulturfag som norsk, religion og vanleg historie, og forklarer kvifor menneske og samfunn er forma av historien.
Blant temaene faget tek opp er myter og religion, samfunnsnormer, ideer om moral, verkelegheit og historie, frå oldtida og fram til moderne tid. I faget diskuterer vi gjerne ofte filosofiske og historiske spørsmål, og utforsker våre eigne forestillinger.
Historie og filosofi kombinerer kunnskap om fortida, mellom anna om tenkere som Platon, Augustin og Machiavelli, med eigne resonnement rundt spennande tema. Dette er faget for deg som liker å tenkje sjølvstendig rundt store spørsmål som menneske har vore opptatt av i årtusener.
Du kan bli trekt ut til munnleg eksamen i faget.
Historie og filosofi 2 byggjer vidare på historie og filosofi 1, og du må ha teke historie og filosofi 1 før du byrjar i historie og filosofi 2.
Historie og filosofi 2 tek opp filosofiske og moralske spørsmål rundt teknologi, vitenskap, makt og miljø. Fokuset er på moderne tid, og temaene faget tek opp er til dømes pseudovitenskap, eksistensialisme, ideologier, moderne teknologi og menneskerettar. Eit anna viktig tema er korleis vitenskap, inkludert historievitenskap, har blitt forma gjennom historien.
I historie og filosofi 2 diskuterer vi spørsmål som "Går verda framover?" og "Kva gir livet meining?", og lærer om nokre av svarene andre tenkere har gitt oss.
Er du interessert i å forstå tanker frå filosofer som Kant, Kierkegaard og Nietzsche er dette faget for deg.
I historie og filosofi 2 kan du bli trekt ut til skriftleg og/eller munnleg eksamen.