Nytt frå båtforeninga

Alsaker Fjordbruk sponsar oppgradering

I samband med oppgradring av landstraumen i hamna, har ein av brukarane, Alsaker Fjordbruk, sagt ja til å delta med 20% av kostnaden, opp til 20.000 kroner. 

Alsaker leiger to plassar i hamna. Vi set stor pris på dette bidraget!

Oppgradering av landstraum

I nokre veker har vi erfart problem med straumen i anlegget vårt. Det viser seg at ein kabel har skader og må skiftast. Samtidig vil vi nytte sjansen til å auke kapasiteten ved at det blir to nye straumsøyler på Sør/Nord piren (plassar som startar med S eller N) og ei ny på Betong 1 piren (plassar som startar med B).
Samtidig vil vi minne om at dei som ikkje har avtalt fast tilgang til straum, berre har anledning til å bruke kontaktanse til lading og mindre arbeider, maksimalt 24 timer. Treng du permanent tilgang til straum, må dette avtalast med styret etter reglane for Straum .

Vi håper og trur at oppgradering skal vere ferdig kring 10. juli.

Vertskap sommaren 2024

Vi treng enno nokre vertar til hamna for sommaren. Ei veke vakt tel som 5 dugnadstimar, så dette er ein god og trivelig måte å gjere dugnaden sin på.


Oppgåver:

- Gå gjennom hamna på ettermiddagen i tidsrommet mellom kl 17 og 19.

- Sjekke at gjestane har betalt (det gjer vi på GoMarina)
- Ynskje gjestar velkommen

- Passe på at plassane vert nytta effektivt og tilby ledige plassar i båsane

- Svare på praktiske spørsmål

- Sjekke at det er orden kring søppelcontaineran


Sommarvertane har ansvar for ei veke kvar, måndag til og med søndag. Det er sendt ut epost til alle medlemmer med oppfordring om å melde seg til teneste. Du kan også ta direkte kontakt ved å sende ein sms til Arne Myskja (tlf 98214722) med namn, telefonnr og kva veke du kan ta ansvar.


Dette er ei kjekk oppgåve der ein stort sett berre treff trivelege båtfolk!

Ny leiar; Arne Myskja

Årsmøte 2024

Årsmøtet vart halde på Sosialsenteret den 24. mai. For første gong valde vi å invitere ope til smørbrød og eit program der nyvald leiar fortalde om seglturen sin heim frå Mallorca. Dette medverka nok til at vi hadde den beste deltakinga på årmøtet på lenge.

Rekneskapet for 2023 viste eig godt overskot, men det hadde nok samanheng med salg av båtplassar, budsjettet for 2024 vart godkjent med eit lite overskot (i prakis i balanse).

Arne Myskja vart vald til ny leiar sidan Ole Nordbø har bede om avløysing. Ole held fram i styret. Han har gjort ein viktig innsats for foreninga og fortener stor takk for godt arbeid!

Arne har vore leiar tidligare i den perioden hamna vart bygd ut, så han kjenner godt til foreninga og aktiviteten.

Her finn du informasjon om kven som er med i båtforeninga sitt styre.


Frå dugnadsplikt til dugnadsrett

Engasjerte medlemmer som deltek med dugnadsarbeid for å ta vare på anlegget vårt, har vore viktig for å halde rimelege prisar på båtplassane. Det har også vore kjekt å jobbe saman med andre medlemmar, slik skaper vi engasjement for båthamna vår.

To medlemmar reiste før årsmøtet om ordninga med pliktig dugnad kan forsvarast i forhold til lover og reglar. Styret la fram sine vurderingar knytt til dette på årsmøtet. Det er ikkje klart at gjeldande ordning ikkje er innanfor lovverk, det finnes vurderingar frå juristar som går spesifikt på dugnadsplikt i båtforeningar, og som meiner at det er innanfor gjeldande regelverk. Likevel er det mange samanliknbare områder der det ikkje er lov å "straffe" dei som ikkje deltek på dugnad.

Det som likevel er heilt klart er at det er lov å kompensere dei som deltek med dugnadsarbeid i form av ein rimeleg timesats som kan trekkast av frå ei felles vedlikehaldsavgift. Derfor foreslo styret at endring av vedtektene til ei felles årleg vedslikehaldsavgift (i denne omgang på Kr. 2.500 per båtplass) blir fremja igjen på årsmøtet 2023, og at denne ordninga blir starta som ei prøveordning i 2023. 

Dette vart vedatt av årsmøtet:
Årsmøtet ber styre legge fram ei sak om endring av §11 i vedtektene basert på forslaget presentert på årsmøtet 2022.

Årsmøtet ber styret innføre dette som ei prøveordning allereie i 2023.

For 2023 er skal medlemmer fakturerast for ei fast vedlikehaldsavgift på Kr. 2.500, og skal kompanserast med ein timerate på 400 kroner  for maksimalt 5 dugnadstimar  utført i 2022.

Grunnen til at denne raten er redusert frå dagens timerate er at forslagsstillerane meinte at 500 kroner timen er ein for høg sats for dugnadsarbeid. Styret hadde derfor også sett på vurderingar av verdsetjing av dugnadsarbeid, mellom anna eit arbeid gjort av organisasjonen Norsk Friluftsråd. Basert på dei vurderingane vart verdien av deugnadstimane sett ned til 400 kroner.

Linkar

Send oss gjerne dine favorittlinkar for båt og sjø! 

"Alt om båt" - startside med informasjon og linkar

Maritimstart - startside med informasjon og linkar

Havna.com - artiklar og linkar

Forbundet Kysten - heimesida til organisasjonen som Kystlaget Leirong høyrer til.

 Oktobermorgon på Boknafjorden