Nye og gamle medlemmer kan stille seg på venteliste for båtplass. Husk at det ikkje er nok å melde seg inn i foreninga, dersom du vil stå på venteliste for båtplass må du registrere det.
Viktig:
Ventelista er organisert etter kva størrelse båtplass den enkelte søker, om du har søkt på 3 meter og ein 4 meters plass blir ledig, vil du ikkje bli kontakta.
Du kan registrere deg med interesse for fleire størrelsar.
Dersom du ikkje tar imot tilbud om båtplass når det blir din tur, mister du plassen på ventelista for den aktuelle plasstypen, men ikkje på andre størrelsar dersom du har søkt på fleire plasstyper.
Du kan ha ein plass og stå på venteliste på ein annan plass.