Hjelp til å logge inn på medlemssider:

Gå til app.havneweb.no

Du må lage profil med same epost som du er registrert med i vårt medlemsregister.

Om du treng hjelp, er det hjelpesider her:
https://app.havneweb.no/support


Båtplassar til leige

Ynskjer du å leige ut båtplassen din, kan du velje Båtplass-knappen over for å få informasjon om utleigeordningane. Båtforeninga ynskjer i størst mulig grad at plassar ikkje skal stå tomme i sommarsesongen, difor set vi pris på at ubrukte plassar blir utleigd.


Er plassen din ledig i ein periode?

 Vi treng melding om plassar som er ledige for døgnleige, kortare eller lengre periode. Du kan legge dette inn på plassen din på Havneweb. Dersom du gjer dette, vil du også få tilgang til å forhåndsbestille båtplassar i andre gjestehamner som brukar Havneweb.