Anlegget vårt må oppgraderast og vedlikehaldast. Alle som har eller leiger båtplass skal delta på minimum 5 timar dugnad i året. Det kan gjerast på dei faste dugnadsdatoane, eller etter avtale med styret.
Påmelding til dugnad sker på foreninga sin epost nedstrand.bf@gmail.com eller sms til 976 62 611.
Hugs at alle har muligheit til å utføre opp til 5 timar dugnad, alternativet er å betale vedlikehaldsavgift.
Det er ofte småting som må gjerast på anlegget og styret treng frivillige. Vi ynskjer å ha ein gjeng med frivillige som vi kan kalle på for hjelp når noko skal gjerast. Vil du vere med, gi beskjed til styret.
Kjekt på dugnad! Berre sjå på bilda.