Utskifting og utbygging
Årsmøtet vedtok å gi styret fullmakt til å gjennomføre prosjektet med utskifting av gamle stålbrygger/utriggerar og utviding av anlegget, basert på framlegg frå styret.
Fordeling av plassar
Basert på kommentarane som kom inn etter høyringsfristen, har endeleg plan for plassering i anlegget blitt utarbeidd og kan opnast under. Fylgjande prinsipp har blitt lagt til grunn i arbeidet:
1.Største båtplassane på plassar der det er minst belastning på anlegget
2.Mest mogeleg samla lengde på utriggerar (sparer kostnader)
3.Utnytting av anlegget
4.Ansennitet / Spesielle ynskje (samling av fleire plassar osv)
Her er oversikt over plasstildeling: layout2408flytebrygger.pdf
Her står namn på den enkelte plass, på sida av plassen står lengden på utriggar og på enden står breidda på plassen og planlagt plassnummer.
Det er ein del som har vore redd for at det blir trangt mellom S- og B-piren. Denne illustrasjonen er ikkje representativ sjølvsagt. Spesialistane i Ørsta Marina seier at det er rikeleg plass, Det blir 18 meter, det betyr at ein det er god plass til å møtast for to båtar og lett å svinge inn i den enkelte "båsen"-
Utbygging
Årsmøtet sitt einstemmige vedtak om å utskifting/utbygging av anlegget har ført til stor aktivitet med å få inn bestillingsskjema frå alle medlemmane, også dei som ikkje skal ha noko endring. Dette vert gjort for å sikre at alle har fått sjansen til å regulere plassen sin og at alle er innforstått at det er ein kostnad knytt til prosjektet for alle.
Det blir arbeidd med kommunen for å finne ei bra ordning for finansiering av prosjektet. Prinsippielot meiner vi at ein del av det som ligg inne i prosjektet burde være kommunale oppgåver og bør finansierast av kommunen, men det er vanskeleg å få aksept for det i og med at Tysvær Kommune hverken har budsjettdekning for det eller praksis for å engasjere seg i særleg grad i slike prosjekt.
Vi har ein positiv dialog med kommunen.
Målet er å ha nytt anlegg på plass i løpet av året.
Nedstrand Båtforening
ved Arne Myskja
5560 Nedstrand