Om Nedstrand Båforening


Styret

Styremedlemmer valgt under årsmøte 2021:

Styreleder: Ole Nordbø - periode fram til 2021

Nestleder: Kjetil Galta - periode fram til 2022

Styremedlem: Ine Henanger - periode fram til 2022

Styremedlem: Dietlind Nakling - periode fram til 2022

Styremedlem: Kristjan Kristjansson - periode fram til 2022

Styremedlem: Bjørn Rasmussen - periode fram til 2022

Styremedlem: Angelica Chamorro - periode fram til 2022

Styremedlem: Arne Jon Myskja - periode fram til 2022

Kontakt: nedstrand.bf@gmail.com


Vedtekter for Nedstrand Båtforening

VEDTEKTER FOR NEDSTRAND BÅTFORENING

Vedtatt på årsmøtet 29. mai 2020


Formål

§ 1. Nedstrand båtforening skal vera ei forening for dei båtinteresserte i Nedstrandsområdet.


§ 2. Foreininga skal arbeida for båtfolket sine saker, leggja til rette og drifta bryggeplasser.


Medlemskap

§ 3. Medlemskap er ope for alle som bur eller har hytte i Nedstrandsområdet. For å få båtplass i foreninga si brygge, må ein vere medlem.


Organisering og drifting

§ 4. Årsmøtet er den høgaste instansen i foreininga. Det skal haldast årsmøte kvart år i april/mai. Innkalling skal sendast ut seinast 3 veker før. Saker som

medlemmene ønskjer å ta opp på årsmøtet, skal leverast styret 14 dagar før møtedato.


§ 5. Årsmøtet skal velja styre for foreninga. Dette skal bestå av inntil 8 medlemmar:

• Formann

• Nestformann

• Sekretær

• Kasserar

• Fra 2 til 4 medlemmar

Formannen skal veljast separat kvart år. Resten av styremedlemmane vert valde for to år slik at halvparten av styremedlemmane er på val kvart år.

Det skal vera skriftlege val dersom det er fleire kandidatar til eit verv. Styret legg fram forslag til valgkomite og denne skal godkjennast av årsmøtet. Valgkomiteen skal bestå av tre medlemmar og har som oppgåve å finna eigna kandidatar til foreininga sine verv: formann og nye styremedlemmar. Normalt skal eit medlem av valkomiteen skiftast ut kvart år.

§ 6. På årsmøtet skal styret leggja fram til godkjenning årsmelding, revidert rekneskap og framlegg budsjett. Elles skal årsmøtet drøfta arbeidet for komande år. Dersom styret finn det nødvendig, kan det kallast inn til ekstraordinært årsmøte. Innkalling skal skje seinast 30 dagar før møtet og innehalde framlegg til vedtak for dei sakene som skal handsamast.

§ 7. Saker som det er semje om kan avgjerast ved akklamasjon, elles skal det stemmast. Avstemming skal vere skriftleg dersom minst eit medlem krev det. Avstemmingar blir avgjort ved simpelt fleirtal. Ved stemmelikheit fell saka og må eventuelt takast opp på nytt.

Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal.

§ 8. Styret skal sjå til at anlegga vert haldne i stand og ordna med dugnad når dette er nødvendig.

§ 9. Ved låneopptak forpliktar formann og kasserar båtforeninga med sine underskrifter. Styret kan ta opp lån på opptil 100.000 kroner utan førehandsgodkjenning av årsmøtet. Den til eikvar tid valde kasseraren har fullmakt til å disponera foreninga sine bankkonti.


Båtplassar og eigartilhøve

§ 10. Foreninga skal arbeide for å legge til rette båtplassar for medlemmane og gjesteplassar for korttidsbruk. Alle som bruker foreningen sine brygger har plikt til å rette seg etter gjeldande reglar for bryggeanlegget. Desse reglane skal styret utarbeide og gjere kjent.

§ 11. Medlemmar kan kjøpe rett til bruk av båtplassar i bryggeanlegget når det finns tilgjengelige plassar. Styret har ansvar for å halde oppdatert venteliste dersom det ikkje er tilstrekkeleg kapasitet. Båtplassane skal prisast etter talet på bryggemeter med tillegg for uteriggerar som er lenger enn standarden i anlegget. Prisar skal godkjennast av årsmøtet minst kvart femte år og regulerast årleg basert på konsumprisindeksen.

Alle som har båtplass skal betale årleg vedlikehaldsavgift og delta på dugnad. Styret fastset kvart år kor mange dugnadstimar kvar båtplass er ansvarleg for. Dersom ein av ulike grunnar ikkje kan utføre dugnad, skal timetalet gjerast opp etter faste satsar.

Dersom eit medlem ikkje har betalt årsavgift og/eller vedlikeholdsavgift kan styret kreve å få løyse inn medlemsskapet og betale tilbake kjøpesummen. Dette kan gjerast først etter 3 månader og når medlemmet har mottatt både purring og inkassovarsel.

§ 12. Ein båtplass kan arvast av dotter/son eller andre enkeltpersonar som i rettsleg forstand er arveberettiga. Arverett må gjerast gjeldane innan eit år.

Ved salg av båtplass har båtforeninga forkjøpsrett og skal gjere denne gjeldande dersom det står medlemmar på venteliste. Ved bruk av denne forkjøpsretten, skal gjeldande verdiregulerte meterpris leggast til grunn.

Dersom båtforeninga ikkje gjer nytte av forkjøpsretten sin, står seljar fritt til å velja kjøpar så framt denne fyller krava til medlemsskap i foreninga.

Framleige av båtplassar skal godkjennast av styret. Det skal skje etter satsar og leigeavtale fastsatt av styret.


Diverse

§13. Båtforeininga kan ikkje løysast opp utan at minst 2/3 av medlemmene er samde i det. Vedtak om oppløysing kan berre gjerast ved uravstemming.