Gjester
Velkommen som gjest i Nedstrand Båtforening
Det er viktig at du orienterer deg om reglane i hamna slik at alle får eit fint opphald og at gjestehamna framleis blir ei god hamn å kome til.
Informasjon om prisar finn du her.
Husk å betale hamneleige innan ein time etter ankomst på betalingsautomet eller på GoMarina appen.
Treng du hjelp eller har du spørsmål? I feriar kan du ringe til leiar eller ein annan i styret.
Dusj og toalett:
Det er tre dusjar, 1 og 2 er begge i familiedusjrommet. Dusj 3 er i toalettrommet og er berre berekna på rullestolbrukerar.
Sjekk først om dusjen er ledig, betal på automat eller med GoMarina appen og gå til dusjen. Tida startar når du trykker på knapp i dusjrommet. Dusj 1 er dusjen mot sjøen.
Dusj og toalettrom er normalt ope i hovudsesongen. Elles får du kode til dusj når du betalar hamneavgift og du får kode til vaskerom når du betaler for bruk av vaskemaskin eller tørketrommel. Koda finn du på kvit kvittering.
Fortøy rett
Det er viktig at plassen blir brukt effektiv, pass derfor på at båten ligg slik at plassen blir godt utnytta.
Pass på at
båten er forsvarleg fortøyd med strekkavlastning og fendring for å unngå unødvendig slitasje på anlegget. Det skal brukast tau direkte i fortøyningsfesta, det er ikkje lov å bruke sjaklar.
båtplassen vert halden i orden fri for unødvendige tauendar
Skadar og slitasje skal meldast inn, bruk nedstrand.bf@gmail.com
båten er fortøyd på ein måte som ikkje er til ulempe for andre sin bruk av anlegget.
det ikkje vert slept ut spillolje, septik eller anna forureining frå båten
Vis hensyn!
Båtar skal gå sakte i og omkring anlegget slik at dei lagar minimalt med bølger.
Fortøyning utanfor båtplassar og gjesteplassar er ikkje lov.
Vatn og straum
Vatn og straum er tilgjengeleg til bruk for alle som har betalt hamneavgift. Dersom det er trengsel i hamna, er det viktig at alle deler på dei straumkontaktane som finnes.
Vatn har blitt ein stor kostnad for foreninga, vi ber derfor at alle passer på å bruke vatnet på ein effektiv måte, særleg ved vask av båt.
Avfall
Du finner avfallskonteinere ved hovedbygget. det finnes ingen kildesortering. Pass på at avfall hamnar i bossdunkane og at det berre er hushaldningsavfall som vert kasta! Det finns eigen container for flasker.
Båtplassar til leige
Det er ofte båtplassar til leige, dei fleste er 3,5, 4 eller 5 meter.
Det mest effektive er ofte å melde interesse på ein av nedstrandssidene på Facebook.
Du finn også informasjon om plassar til leige her.
Nedstrand Båtforening - nedstrand.bf@gmail.com