Medlemsavgift Kr. 500
Årsavgift Kr. 2000
Årleg vedlikehald 3 % av den enkelte plassen sin verdi (regulert pris)
Timepris dugnad Kr. 400 (inntil 5 timar utført (og registrert) dugnad blir trekt frå
Sjå prisoversikt basert på plassen sin størrelse og kategori lenger nede på sida.
Nedstrand Båtforening er ein frivillig organisasjon der vi jobbar saman til felles beste. Vi ynskjer at flest mulig deltek i dugnadsarbeid, enten ved at dei tar del i dei felles dugnadane, eller ved at dei får oppgåver som passar dei. Det kan vere sommarvakt, vaffelsteiking på dugnad, reingjering eller spesifikke ting som skal gjerast i hamna eller for foreninga. Ta kontakt med leiar eller dugnadssjef om du ynskjer å utføre dugnadsarbeid.
Tilgang til straum (kan teiknast via Havneweb) Kr. 50 per månad
I tillegg blir forbruk fakturert med marknadspris + 50 øre
Medlemmar med båtplass kan koble seg til ledige straumkontaktar i inntil 24 timar utan straumavtale. Dette er gratis for inntil 2 timar. For straumtilkobling for meir enn 2 timar skal medlemmer vippse 25 kroner til foreninga: VIPPS #946597. Velg "Koble seg til straum".
QR-kode til båtforeninga sin Vipps finn du nederst på denne sida.
Prisane på båtplassar i foreninga er basert på vedtektene sine bestemmelsar om at båtplassar skal indeksregulerast årleg basert på konsumprisindeks (KPI). Dei er regulert i 2026 og vil vere fylgjande fram til ny regulering i mars 2027.:
Pris per meter breidde:
Plass med 6,25 m gangbar utriggar på eine sida, fortøyningbom på den andre (Kat P6) Kr. 25.280
Plass med 8,25 m gangbar utriggar på eine sida, fortøyningbom på den andre (Kat P8) Kr. 26.288
Plass med 8,25 m gangbar utriggar på begge sider (Kat D8) Kr. 28.222
Plass med 10,25 m gangbar utriggar på begge sider (Kat D10) Kr. 32.223
Breidda blir målt frå/til midt på utriggar/fortøyningsbom. Det betyr at lysopning i plassen er 40-60 cm mindre enn breidda.
Plassar med eiga prisberekning: V01, A28.
Sjå prisoversikt basert på plassen sin størrelse og kategori lenger nede på sida.
Dette er prisar for årleg leige frå Båtforeninga. Vi anbefaler at same prisar blir brukt ved privat utleige.
Prisen vert berekna slik: Årsavgift + Årleg vedlikehald + 4,5 % av verdien på båtplassren.
Dersom plass er tilgjengeleg, er det mulig å leige for midnre enn eit år. Då blir prisen berekna slik:
Månadane Juni, Juli, August: 20% av årspris
Resten av månedane: 10 % av årspris.
For korttidsleige er det berre mulig å få fråtrekk for dugnad dersom det er avtalt på førehand.
Informasjon om utleigeordningar for båtplassar finn du her.