Leige båtplass i Nedstrand Båtforening
Velkomen til Nedstrand Båtforening!
Her finn du informasjon om korleis du blir medlem og korleis du kan leige båtplass hos oss.
To måtar å leige båtplass
Det finst to måtar å leige plass hos oss:
Leige frå båtforeninga
Privat avtale med ein medlem
Uansett ordning må du vere medlem før du kan ta plassen i bruk.
Når du søkjer om plass, kan du takke ja eller nei dersom du får tilbod.
Alternativ 1️⃣ Leige frå båtforeninga
Dersom du ikkje har privat avtale, kan du søkje om plass i Havneweb.
Du registrerer:
Kva type plass du ønskjer
Informasjon om båten din
Leigeperiode:
Normalt eitt år om gongen med muligheit til årlig fornying dersom plassen framleis er ledig.
Startdato: 1. april, kortare leige kan vere mogleg dersom det er ledig kapasitet
Dersom du ikkje oppgir ønskja leigeperiode, blir plassen normalt tildelt fram til 1. april neste år.
Betaling
Leiga skal betalast ved oppretting av leigeforholdet. Sjå prisoversikt nedanfor.
Ved årsleige kan du utføre inntil 5 dugnadstimar med timepris 400 kr. Dette blir i så fall kreditert på hausten og trekt frå neste års leige.
Alternativ 2️⃣ Privat avtale med medlem
Dersom du har avtale om å leige eller låne plass frå ein medlem:
Du må vere medlem før du tek plassen i bruk.
Medlemmet (plasseigar) må få opplyst:
Namn
Mobilnummer
E-post
Båttype/modell
Varigheit på avtalen
Om avtalen gjeld årleg fornying
Dugnadsarbeid ved privat leige
Medlemmer kan få kreditert inntil 5 dugnadstimar med 400 kr per time. Det må avklarast om du skal gjere dugnad for plasseigar. I så fall er det vanleg å redusere årsleiga med dugnadsbeløpet, det vil plasseigar få kreditert på sin faktura frå foreninga.
Dersom du utfører dugnad på vegner av plasseigar er det viktig at du:
Registrer rett båtplass
Registrer namn på eigar av plassen
Før du kan leige plass
For å bli medlem, leige plass eller søkje om fast plass må du vere registrert i Havneweb.
Slik gjer du:
1. Opprett brukar på:
https://app.havneweb.no
2. Gå deretter til søknadssida:
https://app.havneweb.no/sokplass/666
3. Vel kva du ønskjer å gjere og følg instruksjonane.
Har du problem? Du kan kontakte båtforeninga på nedstrand.bf@gmail.com, så hjelper vi deg.
Viktig informasjon
Alle som eig eller leiger plass i båtforeninga pliktar å setje seg inn i:
Vedtekter for Nedstrand Båtforening
Retningslinjer for bruk av båthamna
Prisoversikt (årsleige frå 1. april 2026)
Pris blir fastsett etter plassbreidde og type utriggar. Her er nokre eksempelprisar, men endeleg pris vert sett avhengig av den konkrete båtplassen sin størrelse og kva utriggerar den har.
3 m brei plass med ein gangbar utriggar pp 6,25 m vil gi ein årspris på Kr. 7.483
4 m brei plass med ein gangbar utriggar pp 6,25 m vil gi ein årspris på Kr. 9.587
5 m brei plass med ein gangbar utriggar pp 6,25 m vil gi ein årspris på Kr. 13.648
Prisane gjeld for leige frå båtforeninga og er også anbefalt maksimumspris ved privat utleige.
Pris ved korttidsleige (under eitt år)
Juni, juli, august: 20 % av årspris per månad
Øvrige månader: 10 % av årspris per månad