Gjeldande vedtekter vedtatt av årsmøtet 02. juni 2023.
Formål
§ 1. Nedstrand båtforening skal vera ei forening for dei båtinteresserte i Nedstrandsområdet.
§ 2. Foreininga skal arbeida for båtfolket sine saker, leggja til rette og drifta bryggeplasser.
Medlemskap
§ 3. Medlemskap er ope for alle som bur eller har hytte i Nedstrandsområdet. For å få båtplass i foreninga si brygge, må ein vere medlem.
Organisering og drifting
§ 4. Årsmøtet er den høgaste instansen i foreininga. Det skal haldast årsmøte kvart år i april/mai. Innkalling skal sendast ut seinast 3 veker før. Saker som medlemmene ønskjer å ta opp på årsmøtet, skal leverast styret 14 dagar før møtedato.
§ 5. Årsmøtet skal velja styre for foreninga. Dette skal bestå av inntil 8 medlemmar:
• Formann
• Nestformann
• Sekretær
• Kasserar
• Fra 2 til 4 medlemmar
Formannen skal veljast separat kvart år. Resten av styremedlemmane vert valde for to år slik at halvparten av styremedlemmane er på val kvart år. Det skal vera skriftlege val dersom det er fleire kandidatar til eit verv.
Styret legg fram forslag til valgkomite og denne skal godkjennast av årsmøtet. Valgkomiteen skal bestå av tre medlemmar og har som oppgåve å finna eigna kandidatar til foreininga sine verv: formann og nye styremedlemmar. Normalt skal eit medlem av valkomiteen skiftast ut kvart år.
§ 6. På årsmøtet skal styret leggja fram til godkjenning årsmelding, revidert rekneskap og framlegg budsjett. Elles skal årsmøtet drøfta arbeidet for komande år. Dersom styret finn det nødvendig, kan det kallast inn til ekstraordinært årsmøte. Innkalling skal skje seinast 30 dagar før møtet og innehalde framlegg til vedtak for dei sakene som skal handsamast.
§ 7. Saker som det er semje om kan avgjerast ved akklamasjon, elles skal det stemmast. Avstemming skal vere skriftleg dersom minst eit medlem krev det. Avstemmingar blir avgjort ved simpelt fleirtal. Ved stemmelikheit fell saka og må eventuelt takast opp på nytt. Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal.
§ 8. Styret skal sjå til at anlegga vert haldne i stand og ordna med dugnad når dette er nødvendig.
§ 9. Ved låneopptak forpliktar formann og kasserar båtforeninga med sine underskrifter. Styret kan ta opp lån på opptil 100.000 kroner utan førehandsgodkjenning av årsmøtet. Den til eikvar tid valde kasseraren har fullmakt til å disponera foreninga sine bankkonti. Båtplassar og eigartilhøve
§ 10. Foreninga skal arbeide for å legge til rette båtplassar for medlemmane og gjesteplassar for korttidsbruk. Alle som bruker foreningen sine brygger har plikt til å rette seg etter gjeldande reglar for bryggeanlegget. Desse reglane skal styret utarbeide og gjere kjent.
§ 11. Medlemmer kan kjøpe rett til bruk av båtplassar i bryggeanlegget når det finnes tilgjengelige plassar. Styret har ansvar for å halda oppdatert venteliste dersom det ikkje er tilstrekkeleg kapasitet.
Båtplassane skal prisast etter talet på bryggemeter med tillegg for uteriggarar som er lenger enn standarden i anlegget. Prisar skal godkjennast av årsmøtet minst kvart femte år og regulerast årleg basert på konsumprisindeksen.
Alle som har båtplass skal betala vedlikehaldsavgift. Det enkelte medlem kan bidra med dugnad med inntil 5 timar pr. år for å redusera sin del av denne kostnaden. Dette blir fakturet etterskuddsvis neste regnskapsår. Styret kan fastsetja vedlikehaldsavgifta og timeprisen for dugnaden.
Dersom eit medlem ikkje har betalt årsavgift og/eller vedlikeholdsavgift kan styret kreve å få løyse inne medlemsskapet og betala tilbake kjøpesummen. Dette kan gjerast først etter 3 månader og når medlemmet har mottatt både purring og inkassovarsel.
§ 12. Ein båtplass kan arvast av dotter/son eller andre enkeltpersonar som i rettsleg forstand er arveberettiga. Arverett må gjerast gjeldane innan eit år. Ved salg av båtplass har båtforeninga forkjøpsrett og skal gjere denne gjeldande dersom det står medlemmar på venteliste. Ved bruk av denne forkjøpsretten, skal gjeldande verdiregulerte meterpris leggast til grunn. Dersom båtforeninga ikkje gjer nytte av forkjøpsretten sin, står seljar fritt til å velja kjøpar så framt denne fyller krava til medlemsskap i foreninga.
Framleige av båtplassar skal godkjennast av styret. Det skal skje etter satsar og leigeavtale fastsatt av styret.
Diverse
§13. Båtforeininga kan ikkje løysast opp utan at minst 2/3 av medlemmene er samde i det. Vedtak om oppløysing kan berre gjerast ved uravstemming.
Nedstrand Båtforening
1. Bakgrunn
Desse retningslinjene er vedtatt av årsmøtet i Nedstrand Båtforening og supplerer foreningen sine vedtekter. Dei beskriv reglar for bruk av båthamna til foreninga og alle brukarane av anlegge har plikt til å orientere seg om retningslinjene og fylgje dei. Retningslinjene har som formål å skape eit triveleg båtmiljø for alle som brukar anlegget og å sjå til at anlegget vert tatt vare på.
2. Båtplass
Dei som har båtplassar i anlegget, skal sjå til at:
båten er forsvarleg fortøyd med strekkavlastning og fendring for å unngå unødvendig slitasje på anlegget. Det skal brukast tau direkte i fortøyningsfesta, det er ikkje lov å bruke sjaklar.
båtplassen vert halden i orden fri for unødvendige tauendar
at båtplassen vert halden i god stand. Skadar og slitasje skal meldast styret
båten er fortøyd på ein måte som ikkje er til ulempe for andre sin bruk av anlegget.
det ikkje vert slept ut spillolje eller anna forureining frå båten
Det er lov å legge til rette båtplassen, men sveising, boring eller liknande kan berre gjerast etter avtale med styret.
3. Ferdsel
Båtar skal gå sakte i og omkring anlegget slik at dei lagar minimalt med bølger.
Fortøyning utanfor båtplassar og gjesteplassar er ikkje lov.
4. Vatn og straum
Vatn og straum er tilgjengeleg til bruk for medlemmane i foreninga og dei som leiger gjesteplassar. Medlemmane kan velje å ha permanent tilgang til straum. Då skal målar installerast og ein får eige straumuttak. Målar skal betalast av medlemmet. Bruk av straum til å drive handverktøy eller liknande er fritt for medlemmar, medan lengre bruk til lading o.l. skal gjerast opp etter målt eller om nødvendig estimert forbruk.
5. Gjesteplassar
Foreninga har gjesteplassar som vert leigd ut på døgnbasis. Ledige båtplassar kan også leigast ut. Dersom Brukaren ikkje skal bruke plassen sin i korte eller lengre perioder, kan han/ho vise at plassen er tilgjengeleg for døgnutleige ved å bruke grøn farge på markøren i båtplassen. Inntekter frå denne utleiga går til vedlikehald/oppgradering av anlegget.
6. Bruk av parkeringsplass
Parkeringsplassen skal berre nyttast til normal parkering og til å setje ut/ta opp båtar. Det er ikkje opplagsplass for båt eller utstyr. Det er heller ikkje lov å drive båtpuss på plassen, men båten kan spylast/vaskast i samband med at den blir tatt på land. Då er brukaren ansvarleg for at plassen er spylt/kosta rein etter bruk.
Båthengerar og anna utstyr kan ikkje lagrast på plassen.
7. Avtale
Det skal opprettast ein avtale mellom foreninga og den enkelte som har kjøpt bruksrett til båtplass. Denne avtalen skal spesifisere minste breidde som båtplassen skal ha og lengde på utriggar.
Vedtatt av styret i Nedstrand Båtforening 14. februar 2007