Nedstrand ligg flott til i Ryfylke der Boknafjorden og Vindafjorden møtest, skjerma for nordavinden og med ein fantastisk natur. Båtforeninga har 123 faste plassar i flytebrygge med bølgedempar og plass til 20-30 gjestebåtar. Det er tilgang til straum og vatn i hamna og drivstoff frå automatpumpe like ved. Servicebygg i båthamna har dusj og toalett samt vaskemaskin og tørketrommel. Dei lokale kjøpmannen har eit utval av tau og anna utstyr til båt i tillegg til vanlege kolonialvarer. Butikk og kafe er kort veg frå ved båthamna.

På denne heimesida vil du finne informasjon både for vanlige medlemmer i Nedstrand Båtforening og for gjester som vil besøke hamna vår. Du kan også finne lenker til informasjon om turalternativ og attraksjonar som er verdt å bruke tid på når du gjestar bygda vår. Velkommen!

Meir informasjon om Nedstrand her.