Biblioteksonen

Under arbeid

Kunnskapsgrunnlag for kvalitetskriterium for læremiddel i norsk

3.2 Lesing på papir og skjerm

Elever bør lære strategier de kan bruke for å mestre dybdelesing og andre komplekse leseprosesser på digitale enheter. Videre er det viktig at skoler og skolebiblioteker fortsetter å motivere elever til å lese papirbøker og setter av tid til dette i opplæringen.

Dei siste åra har lesing på skjerm blitt stadig meir vanleg i norske klasserom, og det kan vere mange gode grunnar til det. Samtidig finst det som nemnt forsking som peiker på problematiske sider. Særleg i tekstfag, som engelsk og norsk, som gjerne arbeider med lange og samansette tekstar, er det viktig å vere merksam på dette når ein skal vurdere og velje læremiddel.

Sjølv om det kanskje er mykje vi enno ikkje veit når det gjeld lesing i digitale medium, veit vi at digitale medium er komne for å bli. Skolen må derfor gi opplæring i tekstarbeid både på papir og på skjerm. Vidare må den som vurderer læremiddel, ta omsyn til om media som er valde, og dei tekniske og tekstlege løysingane som høyrer til, er veleigna med tanke på kva ein skal oppnå med lesinga. Elevane treng opplæring i ulike lesestrategiar som eignar seg for lesing både på papir og på skjerm, og læremidla kan støtte læraren i dette arbeidet.

Kilde: Hentet fra Internett 29. juni 2023: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/laremidler/kvalitetskriterier-for-laremidler/kunnskapsgrunnlag-kvalitetskriterium-norsk/generelt/digitalisering-av-skolen/#lesing-pa-papir-og-skjerm