Micro:biten kan brukast til å logge data frå innebygde sensorar, og senda dette via radio til ein annan micro:bit. Temperatur, kompassretning, lysnivå, akselerasjon m.m.
Her er eit døme som måler og logger akselerasjon:
Me lager ein sendar, som sender akselerasjonsdata og ein mottakar som er kopla til PC og mottek data.
Dette programmet må leggjast inn på den eine micro:biten.
På den andre micro:biten legg du inn dette programmet. Denne må vera kopla til ein PC/chromebook. Om det skal gjerast med iPad kan kanskje mottakaren skrive verdien på skjermen ein gong pr. 10 sekund eller noko.
Talet 43 er tilfeldig vald. Det må berre vera det same talet i sendar og mottaker.
For å lese av verdiane som blir logga, trykk på vis konsoll medan mottakaren er kopla til PCen.