Kor høgt er treet?
Om me veit avstanden mellom treet og microbiten, og helningsvinkelen til microbiten, kan me rekna ut høgda til treet.
Først skal me laga ein vinkelmålar til micro:bit, og bruka Python til dette. Ein kan programmera i Python på microbit ved å t.d. gå til python.microbit.org
Micro:bit måler akselerasjon i x-, y- og z-retning, og den måler det i mG, altså milli-G. Ein full G er 1024.
z-retning treng me ikkje til dette prosjektet, men den er oppover, vinkelrett på x- og y-retningane. Om me legg til tyngdekrafta som ein vektor her vil den kunne dekomponerast i x- og y-retningane.
Dei to vinklane som er markerte på figuren er like pga. formlikskap, og då kan me finna vinkelen α:
Basert på utrekningane over, kan me laga ein vinkelmålar til micro:bit:
python.microbit.org
For å få programmet over på micro:bit må me først trykke «connect», og deretter «flash».
No har me ein vinkelmålar. Så treng me at brukaren legg inn avstanden til det som skal målast. Då kan det vera lurt å bruke ei ekstra while-løkke i forkant, men det er sikkert fleire måter å gjere det på. Her er eit forslag, og me har laga det sånn at kvart trykk på A tel 10 meter og kvart trykk på B tel 1 meter. Så når ein har trykka så mange gonger på A og B ein treng, trykker ein på A og B samstundes:
Klarer du gjere ferdig programmet så det reknar ut og viser høgda?