Dette enkle programmet vil skriva temperaturen micro:biten måler, til datamaskinen kvart sekund. Temperatur-blokka, og andre innebygde sensorar fins i inndata-menyen.
Så lenge programmet er lasta ned, og micro:biten er kopla til datamaskinen vil den vise verdiane dine når du trykker på vis konsoll (device). Målingane kan deretter lastast ned til rekneark for vidare behandling der.
Ved å anten bruke Windows 10-appen til microbit eller Chrome-nettlesaren kan du logge data som blir skrive gjennom serieporten. Det gjer micro:biten til ein fin datalogger, som me her kan bruke til å logge mykje rart. I dette dømet skal me logga gjennomsnittet av alle kasta me gjer med micro:bit-terningen.
Programmet held styr på summen av alle kasta, i tillegg til kor mange kast som er gjort. Her vert det gjort eit kast kvar gong brukeren trykker på A-knappen. Så skriv den to verdiar til serieporten: talet på kast og gjennomsnittet av kasta.
Når du no har lasta ned programmet og begynner å trykke på A medan micro:biten er kopla til maskinen, vil du få opp eit val om å vise verdiane frå serieporten, og då får du logga verdiane etter kvart som dei blir oppdaterte.