Arcade sin Tilemap funksjon kan brukast i simuleringar av fysiske fenomen. Me skal her vise ein enkel simulering av diffusjon.
Begynn med å lage ein tilemap og bruk «Draw walls» funksjonen til å lage ein vegg med hull. Fargelegg området på den eine sida av veggen i ein farge. Viss du vil at veggen skal vere synleg må du og fargelegge veggklossane.
Begynn med å lage ein tilemap og bruk «Draw walls» funksjonen til å lage ein vegg med hull. Fargelegg området på den eine sida av veggen i ein farge. Viss du vil at veggen skal vere synleg må du og fargelegge veggklossane.
Kvar tile er 16x16 pikslar. Det vil seie at det fort blir trangt å bare bruke den synlege delen av skjermen. (Her går det an å laste ned utvidinga Tile Util, som gjer at du kan lage tiles på 8x8 pixlar, men eg har ikkje brukt det her.) Om du vil bruke eit større areal, men ønsker å kunne flytte deg rundt og sjå ulike delar av arealet så kan du lage ein sprite utan noko bilde, som du kan bevege med pilane og som kameraet henger fast i.
Lag så to typer sprites, kor ein er litt større enn hola i veggen og ein er litt mindre. Bruk for eksempel ein sprite på 10x10 og ein på 18x18. Plasser spritane tilfeldig på den farga sida av tilemap-et og sett dei til å sprette når dei treffer veggen. Gje dei ein tilfeldig fart og retning å bevege seg i og sjå korleis partiklane beveger seg.
Du kan nå begynne å gjere dine eigne utvidingar og tilpassingar med å for eksempel gjere slik at spritane kan kollidere i kvarandre og skifte retning, justere kor store areala over og under veggen er i forhold til kvarandre, kor store spritane er i forhold til hola i veggen, osv.
Du kan og utvida prosjektet med å logga kor mange, eller kor stor andel av dei små spritane som befinner seg over veggen. For å få til det kan det vere ein fordel å laste inn utvidinga Tilemaps. Denne inneheld mange ekstra funksjonar for tilemap, mellom anna ein moglegheit for å sjekka kva type tile ein sprite står på.
Du må lage deg ein array - ein liste - over alle spritane av den typen som kan passere gjennom veggen. Så må du loope gjennom denne lista og sjekke kva type tile kvar av elementa i lista står på.