Micro:bit kan og brukast til å styra ein eller fleire lysdiodar (LED)
Ein lysdiode har to føter med ulik lengd.
Den lengste foten er pluss (+)
For å kopla denne til Micro:Biten koplar du ein leidning med krokodilleklemme til 0 på det koparfarga beltet nedst på Micro:biten
Den kortaste foten er minus.
For å kopla denne til Micro:Biten koplar du ein leidning med krokodilleklemme til GND (ground=jord) på det koparfarga beltet nedst på Micro:biten.
Dette enkle programmet vil få noko til å skje med lysdioda. Last ned programmet og trykk på A.
Kva skjer?
Klarer du få micro:biten til å skru av LEDen ved å bruke knapp B?