Med micro:bit kan me lage eigne sensorar ved å bruke variable motstandar som ein LDR (light dependant resistor) som vist i koplinga under. For termistoren – ein temperaturavhengig motstand – er koplinga lik.
Kretsen er kort fortalt ein seriekopling av den variable motstanden og ein fast motstand, frå 3V til GND. Me bruker ein fast -motstand til termistoren. Sidan det er ei seriekopling vil spenninga over dei to komponentane variere så lenge resistansen i den eine komponenten (termistoren) varierer. I tillegg til seriekoplinga har me eit målepunkt mellom dei to komponentane (blå leidning på figuren)
Det me eigentleg måler her er spenninga over motstanden. For å logge denne kan me bruke denne koden:
Då vil me få opp verdiar frå 0 til 1023:
Kalibrering:
For å gjera om spenningsverdiane til temperatur, må me først kalibrera sensoren med to målepunkt med kjend temperatur. Bruk eit termometer du stoler på, og legg både termistoren og termometeret i vatn med to ulike temperaturar. Isvatn og kokande vatn vil og fungera, og då treng du ikkje termometer. Isoler ledningane før du putter dei i vatn…
Målepunkt 1 kan godt vera romtemperatur:
Ved 27 grader målte eg v: 532
I 42 grader varmt vatn målte eg: v: 650
Desse verdiane kan me så rekne om til temperatur, ved å bruke ein innebygd funksjon i makecode: