Me kan logge transmittansen gjennom ei væske med ein micro:bit og send det til ein annan micro:bit som logger dataene.
Du trenger ein
LDR (lysavhengig motstand)
10kΩ motstand til sensoren
ein LED til lyskilde
ei kyvette eller to og
litt lego.
Utgangspunket er dette lego kolorimeteret, men i plassen for å bruke eit voltmeter skal me bruke micro:biten som datalogger.
Lag ein lyssensor ved hjelp av LDRen og 10kΩ motstanden. Koble sensoren på same måte som ein termistor. Tre beina på LDRen gjennom ein av legobrikkene med hol. I den andre legobrikka med hol presser du inn ein LED. LEDen kan koplast som vist på bildet. (Viss du bruker ein av portane P0, P1 eller P2 må du programmere micro:biten til å sende straum til LEDen, men du kan og kopla han rett på 3V så får han straum heile tida)
Om me bruker to micro:bitar som er kopla samen med radio så kan lego-kolorimeteret ligge i ei lystett eske mens du gjer målingane. Den eine micro:biten må då sende målingane:
For å få opp ein graf med målingane, trykker du på Vis konsoll, under simulatoren. Hugs å velge farge på LEDen etter kva lys analytten absorberer.