Micro:bit kan og brukast til å styra ein eller fleire lysdiodar (LED) trådlaust via ein annan Micro:bit.
Du treng:
2 stk. micro:bit
2 stk. batteripakkar.
LED
2 krokodilleklemmer.
Ein lysdiode har to føter med ulik lengd.
Den lengste foten er pluss (+)
For å kopla denne til Micro:Biten koplar du ein leidning med krokodilleklemme til 0 på det koparfarga beltet nedst på Micro:biten
Den kortaste foten er minus.
For å kopla denne til Micro:Biten koplar du ein leidning med krokodilleklemme til GND (ground=jord) på det koparfarga beltet nedst på Micro:biten.
Opna eit nytt prosjekt kalla «sender». Dette programmet får micro:biten til å sende forskjellige tal via radio, alt etter kva knapp me trykker på.
Radiogruppe er eit tal mellom 0 og 255, og det har ikkje noko å seie, utanom at sender og mottaker må ha same talet. Er det fleire radioprosjekt i same rommet er det lurt å ha forskjellige radiogrupper.
Når mottakaren mottek eit tal, skal den gjera noko. Om talet er 1 skal den skru på lyset. Om talet er 2 skal den vise noko tekst, og om talet verken er 1 eller 2 skal den skru av lyset.
Klarer du kople til fleire lys, og bruke senderen til å skru av og på eit eller fleire av dei?