Ideen til dette er henta frå Lær Kidsa Koding sine nettsider, kidsakoder.no
Micro:bit kan fint fungera som skritteljar. Til dette treng du ein Micro:bit og ein batteripakke. Sjølve programmeringa er enkel.
Programmering av skritteljaren
• Opna eit nytt prosjekt i MakeCode
• Lag ein variabel kalla skritt. Dette gjer me ved å gå inn i Variabler i sidemenyen. Deretter trykker me på Lag en variabel som me kallar skritt. I denne variabelen skal me lagre alle skritta me går.
• Når me startar vil me at talet på skritt skal vera 0. Under Variabler i menyen finner vi klossen Sett skritt til 0.
• No skal me visa talet på skritt me har gått på skjermen. Dette skal visast heile tida. Me treng då blokka Gjenta for alltid som me finn under Basis.
• Når me bruker blokka Vis tall frå Basis kan me vise variabelen skritt på skjermen.
• Nå må me få til å telja talet på skritt. Vi ser for oss at me fester micro:biten på ein fot. Kvar gong micro:biten blir rista har me teke to skritt! Denne blokka finn ein under kategorien Inndata. I tillegg treng du ei blokk som endrar variabelen skritt med 2. Denne finn du under Variabler.