Simulering av terningkast er ein fin programmeringsaktivitet med elevar. Her får ein både inn grunnleggande programmeringsbegrep som variablar, vilkår, løkker og funksjonar, i tillegg til det matematiske som omhandlar tilfeldige tal, gjennomsnitt etc.
Her lar me heilt enkelt micro:biten visa eit tilfeldig tal mellom 1 og 6.
Tips: Dei mørke lilla blokkene er ymse matematiske operasjonar, og du finn dei i Matematikk-menyen. Lyse lilla blokker finn du under Inndata, og blå blokker er basisblokker
I staden for å berre visa talet, vil me visa terningsymbol. Her får me bruk for ein variabel (terning1) som lagrar terningkastet, og vilkår som viser eit symbol avhengig av kva terningkastet vart.
Biletet viser berre starten av programmet, men greier du gjera det ferdig allikevel?
Tips: Dei raude blokkene handlar om variablar. Frå «variabler»-menyen finn du ein knapp du kan trykka på for å laga nye variablar.
No vil me at micro:biten skal kasta ein terning kvar gong me trykker på A-knappen, utan å visa det på skjermen, men heller ta vare på summen av alle kasta i ein variabel me kan kalla for sum. I tillegg til variablane terning1 og sum treng me ein variabel (antall) som held styr på kor mange gonger me har kasta terningen.
Kva vil gjennomsnittet av terningkasta bli om vi kastar terningen mange gonger?
Vil alle i klassen få same svaret?
• Klarer du å få programmet til å kaste to terningar?
• Kor stor del av kasta gjev summen 12 ved kast med to terningar?
• Her kan ein utforske mange problemstillingar…
Om du vil logga terningkasta etter kvart som du kastar, og få resultata opp som ein graf, sjå her: Datalogging med micro:bit. Her er det brukt terningkast som døme.