Hovudprosjekt i utvandraråret:
I 2025 arbeider Memoar med å førebu eit språkhistorisk prosjekt . Dette vil bli prosjektsida. Kom tilbake seinare for å sjå om vi fekk det opp å gå!
Nynorsk kultursentrum, Musea for skriftkultur og Memoar planlegg eit pilotprosjekt i Valdres: "Språkhistoria i Valdres – innsamling av munnlege minne".
Målet er å ta vare på personlege forteljingar om språkbruk, haldningar til språk og språkendringar gjennom livet – frå barndom til vaksen alder.
Valdres er eit spennande område med mange språkdebattar – både om valdresdialekta og om nynorsk eller bokmål som opplæringsspråk. Mange har eigne erfaringar med språk som ein viktig del av livshistoria si. Desse forteljingane ønskjer vi å dokumentere og bevare for framtida.
Prosjektet skal prøve ut "Memoarmetoden" for å samle inn moderne språkhistorie. Vi ønskjer å samarbeide med lokale partnarar som mållag, historielag og Valdresmusea – både om tema for samtalane og om å finne personar som vil la seg intervjue. Intervjua skal takast vare på og gjerast tilgjengelege gjennom Nynorsk kultursentrum og Memoar. På sikt vil vi bruke røynslene frå Valdres til liknande innsamlingar i andre delar av landet.
Vi tek no kontakt for å høyre om de vil vere med – med innspel, deltaking eller forslag til aktuelle forteljarar.
Vi planlegg å gjennomføre innsamlinga i januar eller februar 2026 (veke 3, 4, 5, 8 eller 9).
Er dette noko de kunne tenkje dykk å bidra til? Har de forslag til tidspunkt som passar – eller ikkje passar?
Kontakt i Memoar: Bjørn Enes
Kontakt i Nynorsk Kulrtursentrum; Fredrik Hope
Både intervju og publikumsarrangement vil foregå på Valdres Folkemuseum på Fagernes.
Intervjudagar i Januar og februar:
Intervju tirsdag 27, onsdag 28 og torsdg 29
det kan også bli intervju i februar
Kveldsarrangement torsdag 19. februar:
Alle som har blitt intervjua og alle andre som er interesserte i språk og dialekt blir inviterte til ope kveldsarrangement på Valdres Folkemuseum.
På kveldsarrangementet kjem intervjuar Bjørn til å innleie med nokre refleksjonar etter intervjuserien. gullkorn frå og nokre refleksjonar etter intervjuserien. Alle som har blitt intervjua blir inviterte til å delta i samtalen. Arrangementet blir også ope for andre språkinteresserte i Valdres.
Kommenter gjerne til bjorn@memoar.no
Onsdag 26/11 (2025) kom gladmeldinga om at Sparebankstiftelsen DNB støttar forprosjektet med 50.000,- kroner. I tillegg legg både Nynorsk Kultursentrum og Memoar inn midler. Valdres Folkemuseum bidrar med lokaler, og både mållaag i Valdres og Memoar legg inn frivillig innsats.
Vi kjem til å rigge opp eit "intervjustudio" på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Der vil vi invitere både vanlege språkbrukarar og fagpersonar til samtalar som på biletet. (Bildet er frå Åseral 2020)
Vi ber om samtykke til lyd- og videoopptak. Før optaket blir arkivert, får den som har blitt intervjua sjå gjennom for å vurdere om noko skal takast ut av intervjuet.
Etter at alle intervju er gjennomført, blir alle forteljarar inviterte til eit kveldsarrangement - også det på Voss Folkemuseum. Tema: Språkutvikling i Valdres i vår tid ("manns minne")
Memoar har som prinsipp at det er dei som blir intervjua som eig intervjuopptaket.
Memoar, Nynorsk Kultursentrum og Musea for skriftkultur ber om samtykke til å
a) dokumentere innhaldet med eit skriftleg samandrag og ein innhaldslogg,
b) arkivere intervju og dokumentasjon mellombels i Memoar sitt arkiv,
c) avlevere alt til Fylkesarkivet.no når arbeidet er ferdig med heile serien og
d) publisere innhaldet etter 4 veker viss ikkje forteljaren har bestemt anna.
Forteljaranbe kan seie ja eller nei til kvart enkelt punkt. Dei kan også seinare ombestemme seg.
Klikk her for å sjå mal til samtykkedokument.
Frå tidlegare intervjuseriar:
(Stord, Nesbyen, Bardufoss, Åseral)