Eit immaterielt kulturminne er skapt!
Memoar er ein frivillig organisasjon som har til formål “å bygge levande kulturminne gjennom å samle, dokumentere, dele, bevare og formidle ytringar om levd liv, livserfaringar og refleksjonar rundt opplevd historie”. Det gjer vi gjennom å organisere og gjennomføre seriar av intervjuopptak med personer som har tatt del i eller vore vitne til historiske utviklingsprosessar og hendingar. (utskriftsversjon)
Når dei som fortel ønskjer det, delar vi intervjujopptaka med alle interesserte gjennom publisering på eigne nettmedia og avlevering til offentlege arkiv. Hovedmediet vårt heiter www.memoar.no. Dei fleste innsamlingsprosjekt har eigne undersider. Store prosjekt har eigne sider. Det gjeld Migrasjonsminne - utvandrarjubileet si minneinnsamling i 2025 og OSLOVE, som var ein del av Oslos byjubileum 2024,
Vi driv omfattande kurs- og opplæringsverksemd i eigen regi og saman med historielag og anna frivillig kutlurvern. Kvar år er vi medarrangør av Memoarkonferansen. Det er ledd i arbeidet for å utvikle munnleg historie som fagfelt og kultursjanger i Noreg.
internasjonalt samarbeider vi gjennom International Oral History Association (IOHA.org)
Økonomien vår er fyrst og fremst prosjektmidler frå private og offentlege fond. Størst støtte har vi frå #Sparebankstiftelsen DNB
Dagleg leiar er Sebastian Kvamsdal Kaasa, historikar frå UiB og mangeårig frivillig og frilans prosjektmedarbeidar innan kulturvern
Styret består av leiar Bjørn Enes, (frilansjournalist, grunnleggar av Memoar, tidlegare industriarbeidar), og styremedlemmene Nargis Jan Mahmood, (konsulent, mangeårig frivillig i Råd for mangfald og integrering i Oslo), Sveinung Harald Giske, (ingeniør, leiar av Haram Kulturhistoriske lag), Inger Christine Årstad, (leiar av Ålesund Museum), Hilde Charlotte Solheim, (frilansar med brei erfaring frå styreverv - mellom anna Crossings200), Hans Jakob Ågotnes, (professor emeritus frå UiB).
Irene Kinunda Afriyie
Dane Lundberg
Isabel Shepherd
Kristian G. Lilleseth
Negusse Ashia Berhe
Joel N. Mfashimikeri
Kari Thorkildsen
Ada Freng
Arve J. Nilsen
Florentino Bulnes
Inger Christine Årstad
Bjørn Enes
Memoar er i hovudsak ein prosjektorganisasjon. Alt arbeid som har med fag- og strategiutvikling, utvikling av prosjektidéar, -partnarskap og -søknader, arkivordning, formidling og organisasjonsbygging - har i stor grad vore utført på frivillig basis. Berre i finansierte prosjekt har vi hatt rom for å bruke arbeidstid gjennom å engasjere prosjektleiarar og medarbeidarar.
Vi søkte Kulturdepartementet om om driftstilskudd 1. mars 2023.
Hovudmålet er å få på plass driftsbemanning, dekke kostnadane til ein norsk server for mellomlagring av munnleg historie og reise.
Dette er en interessant dokument for dei som vil få innsikt i Memoar sitt arbeid, historie og utvikling.