Hovudprosjekt i utvandraråret:
Prosjektet skal samle inn, indeksere, tilgjengeleggjere og bevare eit stort antal livhistorieforteljingar. Det skal bygge vidare på minneinnsamlingane i 1964, 1981 og 1996, men hovudformatet denne gong blir munnleg historie i form av livsminneintervju. Det skal også samle materiale frå alle aldersgruper (ikkje berre eldre) og samlingane skal som hovudregel bli tilgjengelege for alle interesserte (ikkje berre forskarar). Ambisjonen er at innsamlinga skal gå parallelt med Nasjonaljubileet og pågå heilt fram til år 2030.
Innsamling og indeksering skal skje gjennom lokalhistoriske og tematiske delprosjekt over heile landet, i samarbeid mellom frivillig og profesjonelt kulturvern.
Tilgjengeleggjering skal skje gjennom LokalhistorieWiki og deltakarane sine eigne publiseringskanalar.
Bevaring skal skje gjennom avlevering til offentleg finansierte arkivinstitusjonar.
Etikken i prosjektet skal ivareta både ytringsfridomen og personvernet til bidragsytarane. Den som avleverar eit bidrag, skal dokumentere informert samtykke til opptak og arkivering. Offentleg tilgjengeleggjering skal berre skje når det også er dokumentert informert samtykke til publisering.
Tqanken er at prosjektet skal vare i fem år, frå juni 2025 til 31. desember 2030. Kvart år skal ha same tematiske hovudinnretting som Nasjonaljubileet i 2030.
Initiativtakar er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie.
Invitasjon til medeigarskap går i fyrste omgang til Landslaget for lokalhistorie. Dersom Landslaget sluttar seg til, skal vidare utvikling av partnarskapet skje i samråd med Landslaget.
Utviklinga av prosjektet vil kunne fylgjast på denmne prosjektsida.
“Den veit best kor skoen trykkar, som har han på”: Dette gamle visdomsordet rommar nesten heile argumentasjonsrekka for kvifor “vanlege” historiske kjelder bør supplerast med “historie nedanfrå”, eller fyrstehands beretningar om korleis det verkelege livet artar seg “på golvet”.
Det som ikkje blir romma i nevnte visdomsord, er at den som kjenner skoen trykke, også kjenner tallause andre ting: Livet sjølv er ikkje fokusert og redigert til berre å handle om eit fenomen om gongen, slik som forsking og lærd diskurs.
I vår tid er den samla menneskelege kunnskapen så omfattande at ingen kan ha fullt oversyn. Derfor er det naturleg at alle fagfelt dyrkar reduksjonisme eller oppstykking av komplekse samanhengar til handterbare enkeltfenomen.
Men livet sjølv - og dermed livshistorier - inneheld mengder av samanhengar som er viktige i historiske utviklingsprosessar, men som ikkje blir synlege i kjeldesamlingar som fokuserar eit fenomen om gongen.
Eit godt eksempel: Under innsamlinga av munnleg sjøfartshistorie i 2016, gjorde vi eit livshistorieintervju med Ludvig Myrland. Det viste seg at han ikkje berre var ei framifrå kjelde til "sjøfartshistorie nedanfrå” - han var også ei verdfull kjelde til sosialhistorie, pressehistorie, krigshistorie, kaldkrigshistorie, språkhistorie, industri- og transporthistorie. Han var slektsgranskar og forfattar - og ein etterspurd foredragshaldar i sine lokale miljø.
Det er slike mangesidige livsløp - slik polyfoni - som skapar den veven som held samfunnet saman. Det er slik vi blir eit folk.
Målet for livshistorieprosjektet er å synleggjere mikrohistorie og munnleg historie som viktige delar av kulturarven, og å skape ei stor og permanent veksande samling av dokumenterte livshistorier - munnlege og skriftlege - bevart for all framtid i Arkivverket.
Over: Kronikk i tidsskriftet Museum med argumentasjon for hovudprosjektet
Til venstre: Intervjuet med Ludvig Myrland som er brukt som eksempel i kronikken.
Siste kvartal 2025 og fyrste kvartal 2026 arbeider vi med å bygge partnarskap rundt prosjektidéen.
Ambisjonen er at prosjektskildring, budsjett, organisasjon, framdriftsplan og finqansieringssøknad skal vere ferdig 30. mars.
Samtidig arbeider vi med å initiere delprosjekt som kan gjennomførast uavhengig av om vi får hovudprosjektet - men som blir større og meir betydningsfulle dersom vi også hovudprosjektet.
HAR DU BLITT INVITERT MED I UTVIKLINGA AV PROSJEKTET? Då kan du kommentere utkastet til prosjektskildring her
To delprosjekt er alt delvis finansierte:
Språk og dialekthistorie i Valdres er eit pilotprosjekt som skal samle minst ti livsløpsintervju med fokus språk. Det er eit samarbeid mellom Memoar, Nynorsk Kultursenter, Valdres Folkemuseum, Mållaga i Valdres og Sparebankstiftelsen DNB.
Vestlandsminne har fått 300.000 regionale kulturmidler frå Vestland Fylke til minst fire minneinnsamlingar i nord-, midt-og sørfylket og i Bergen. Partnarskap er under oppbygging.
I månadsskiftet juni-juli 2023 - gjennomførte britiske Oral History Society eit symposium om livshistorie-intervjuet sin plass i fagfeltet munnleg historie. Ein viktig del av bakgrunnen var mangeårige erfaringar frå prosjekt National Life Stories, som sidan 1987 har arbeidd med å bygge opp ei landsdekkande samling av munnleg historie i British Library.
I dette arbeidet er det lange, biografiske intervjuet hovudmetoden. Samtidig ser OHS ein tendens til at kortare og meir fokuserte ein-saks-intervju tek over. Ei rad problematiseringar rundt dette vart drøfta under symposiet.
Og nå delar dei denne viktige kunnskapsproduksjonen med alle interesserte, gjennom å publisere innlegg og panmeldiskusjonar i eit særnummer av Oral History Journal - med åpen tilgang (Online: https://www.ohs.org.uk/wp-content/uploads/2024/08/OHJ-52-3-online.pdf
Sjå meir om eksempelet frå Storbritania: