Eit immaterielt kulturminne er skapt!
Fyrste tirsdag i kvar månad, frå september til og med mai, gjennomfører Memoar og Bergen Offentlige Bibliotek eit publikumsarrangement med formidling av munnleg historie i ulike formar. På mange måtar er arrangementet eksperimentelt, særleg på det med å mjuke opp rigide grensetrekkingar mellom munnleg historie ("oral history") og historieforteljing ("storytelling").
Sjå opptak av tidlegare arrangement på memoar.no/bergensminne
Gjennom 2021 og 2022 har Memoar og Jakob Sande senter for forteljekunst samarbeidd om å eksperimentere med samanhengar og ulikskapar mellom dei to fagfelta munnleg historie og munnleg forteljekunst. Hovudansvarleg for dette arbeidet i Memoar har vore Bjørn Enes, som for sin del oppsummerar sine erfaringar slik:
Munnleg historie kan gjerne også kallast minnesamling. Når vi intervjuar folk om levd liv, får vi samlingar av munnleg kjeldemateriale både for historie, språk og folkloristikk. Materialet kan brukast både til forsking, litteratur og kunst.
Der er verken praktiske, etiske eller kompetansemessige grunnar til at ikkje ein og same person kan arbeide både med innsamling og formidling av munnleg historie - også gjennom bruk som nevnt over.
Blant formidlingsformer for munnleg historie, er forteljekunst den som ligg nærast til nerva i den munnlege kulturen.
Sjå meir under Memoar.no/forteljekunst
Nedenfor, på denne siden, finner du 11 episoder podcast med historier fra et annerledes år. Episodene ligger også på spotify. Hva har folk opplevd under pandemien? På hvilke måter er livene våre blitt forandret? Fortellingene til podcasten Virus er hentet fra de rikholdige koronaarkivene til Norsk Folkemuseum og Memoar. Redaktører: Audun Kjus og Cathrine Hasselberg. Musikk: Therese Aune. Støttet av Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB og Bergesenstiftelsen.