Sjukehushistorier

Etterlysing:

Gjennom ein drøyt tiårs periode frå 2010 har sjukehusveteranane Rolf Kåresen (kirurg og sjefslege) og Kåre Eide (fotograf og informasjonsmedarbeidar) ved Ulevål sjukehus samla, tilrettelagt og publisert munnleg historie om utviklinga i norske sjukehus gjennom nettmediet www.sykehushistorier.no.

I 2022 er dei begge komne langt inn i pensjonsalderen, og dei treng avløysing i dette viktige arbeidet. Denne etterlysinga gjeld personar med interesse for munnleg sjukehushistorie - eventuelt innsamling av munnleg kjeldemateriale til generell helsehistorie. Det er ein fordel men ikkje påkravd med videokompetanse, då Memoar gjerne bidrar med den opplæring og infrastruktur som trengst.

Det handlar altså om å gå inn i og føre vidare arbeidet i samarbeid med grunnleggarane og Ullevål Sykehusmuseum. I utgangspunktet er det ikkje økonomi knytta til dette arbeidet, men det vil truleg vere mogleg å få finansiert opp gode prosjektidear innanfor rammene av sykehushistorier.no.

Interesserte kan ta kontakt med Rolf Kåresen direkte eller Ullevål Sykehusmuseum ved ulleval.museum@gmail.com. Memoar ved Bjørn Enes kan også bistå med kontakt.

Rolf Kaaresen har samle omlag 150 intervjuopptak og foredrag om utviklinge i norske sjukehus i manns minne. Men han har ikkje sjølv blitt intervjua før Memoar gjorde det i forkant av Memoarkonferansen 2022, der han presenterterte det arbeidet han og Kåre Eide har gjort. Sjå meir på memoar.no/sykehus/kaaresen.




Faksimile: Nettsida www.sykehushistorier.no: