Hovudprosjekt i utvandraråret:
Gjennom eit langt liv har busssjåfør Johannes Bertin Birkeland på Radøy tatt vare på gjenstandar som viser utviklinga av livet på Radøy. Etter kvart fekk han disponere det gamle skulehuset i Nordanger. men han dreg på åra, og har ei tid forsøkt å få nokon tl å overta ansvaret for samlinga. Sommaren 2025 såg det ut til å gå mot ei løysing - ein ny frivillig entusiast har tatt over. Meir om det ein annan gong - her er det Johannes sjølv som viser rundt i samlinga ein sommardag i 2025. Memoarprosjektet Gjenstandsminne handlar om å dokumentere litt av den munnlege kulturarven som er knytta til gjenstandar med historisk verdi. Sjå meir på www.memoar.no/gjenstandsminne
Arne Høyland er ein svært aktiv minnesamlar og kulturarbeidar med base i Eikangervåg i Norhordland. I oktober og november 2023 vart det gjort to intervju med han som blir publisert med det fyrste. Høyland er også sjølv ein aktiv skapar av audiovisuell og tekstleg dokumentasjon på materiell og immateriell kultur i reginen. For tida arbeider han særskilt med utforsking av skiproduksjon i Norhordland særskilt - men også Vestlandet generelt. Sjå meir i bloggposten "På sporet av vestnorsk skihistorie"
Berit Oliva Kvalvik er ein annan kulturpersonelgdom med svært lang fartstid bak seg i Nordhorldland. Ho vart intervjua fyrste gong i 2017. Sjå meir på hennar eiga side - www.memoar.no/nordhordland/berit-oliva-kvalvik
Samarbeidet om munnleg historie i Nordhordland starta som ein del av krigsminneprosjektet i 2017. Radøy Bibliotek og Radøy Sogelag var medarrangørar av eit møte 3/10 2017, der Jostein Saakvitne presenterte ei rekke intervjuopptak som vart gjort i Meland og på Radøy på 1990-talet. Eit samandrag av Saakvitne sitt foredrag finst her :Nordhordland-krigsminne .
Under finst lenker til dei intervjuoptaka som blei presenterte: