Hovudprosjekt i utvandraråret:
har laga artikkelen til høgre, om det vesle sjøflyet Seabee som mellom anna var i produksjon på Flatøy nokre år etter krigen. Artikkelen er omfattande - trykk på "Prev" eller "Next" øvst i bildet, så får du også Seabee-historier frå resten av verda.
Adressa til Sævland si nettside er www.seabee.info
Tor Eirik Thorsen og Helge Thorsen har over mange år samla dokumentasjon om Flatøy sin unike posisjon, både då Noreg si første sivile flyrute mellom Bergen, Haugesund og Stavanger starta i 1920 og då Marinens Flyvevæsen bygde opp den militære sjøflybasen på Flatøy.
Fredag 26 september 2025 vil Tor fortelje om historia til Flatøy flystasjon og han har med flotte bilete frå den tida. Han vil gjerne også høyre historier om Flystasjonen frå oss Flatøybuarar som kan ha blitt fortalt av dei som har opplevd den tida.
Det vil bli gjort opptak av foredraget av Memoar, slik at ettertida vil ha tilgang til informasjonen.Dessverre er det ikkje plass til fleire påmeldte, men interesserte vil kunne sjå opptaka på denne sida frå tidleg i oktober -25. Sjå også flatoybygdelag.org/