Nytt storprosjekt i Vestland!
Formål: Å samle inn, dokumentere og ta vare på munnlege livshistorier og intervju frå innbyggjarar på Sotra og i Øygarden. Prosjektet skal spegle den enorme utviklinga regionen har vore gjennom, med særleg fokus på perioden 1940–2000.
Tema: Kystkultur i brei forstand, inkludert stadnamn, kulturminne, politikk, musikk, næringsliv, pionertida i oljebransjen, fiskeri og landbruk. Temaet Johannes Kleppevik vil stå i eit særemne.
Veke 44: Oppstart. Memoar startar dei første intervjuopptaka i regionen for å sikre god framdrift frå start. Ta kontakt med prosjektleiar Sebastian Kaasa for meir infomasjon.
Veke 45: Informasjonsmøte, 4. november kl 12 og kl 18.
Arrangere open informasjonssamling i samarbeid med Kystmuseet i Øygarden for å presentere prosjektet for innbyggjarar, sogelag og interesserte.
Veke 46: Kompetanseheving og kursing 11. november.
Halde praktisk kurs i regi av Memoar i intervjuteknikk, munnleg historiemetode og bruk av opptaksutstyr. Kurset er retta mot sogelaga og lokale frivillige som ønskjer å bidra.
Veke 46 og framover: Mobilisering og utlån.
Etablere/bruke ei utlånsordning for Memoar sitt tekniske opptaksutstyr, slik at lokale intervjuarar kan gjere opptak på eiga hand. Koordinere innsamlinga i samarbeid med lokale sogelag for å sikra god geografisk og tematisk spreiing.
Siste fase: Arkivering og formidling.
Systematisere, langtidslagre og tilgjengeleggjere dei innsamla intervjua for ettertida via Kystmuseet og Memoar sine kanalar. I tillegg vil materialet vera tilgjengeleg, så lenge informanten godtek det, for Fjellkoret sin satsing «Stolt stril»