Hovudprosjekt i utvandraråret:
Ingrid Bernsen blei intervjua av Bjørn Enes den 17. desember 2025. Intervjuet handlar om å vere adoptert, i ei tid der det å vere einsleg mor var bort imot umogleg. Einslege mødrer var utsette for sterke fordomar, utstøyting og håplaus fattigdom. Mange gravide unge kvinner blei i tillegg pressa til å skrive under på papir der dei godtok at barnet blei adoptert bort med ein gong de vart fødde. Den situasjonen var Ingrids biologiske mor i. Få dagar før fødselen gav ho etter for preset. Eit laken blei henggt opp framfor ansiktet hennar slik at ho ikkje in gong skulle få sjå barnet sitt. Ikkje lenge etter fødselen forsøkte ho å få barnet tilbake - men då var det for seint. "Eg låg på lager og skulle seljast", seier Ingrid. Sjølv fekk ho ikkje greie på at ho var adoptert før ho var 20 år gamal. Dette er ein flik av den livshistoria som ho fortel i intervjuet.
Det tok veldig mange år før Ingrid kom så langt at ho kunne stå fram å fortelje om sine livserfaringar frå denne delen av norsk historie. Men då kom ho også i kontakt med andre i same situasjon. Under overflata ligg det svært mykje komplisert historie. Etter kvart starta ho Facebookgruppa "Adopterte Sammen" der personer med liknande erfaringar kan få kontakt med kvarandre. (Gruppa er berre open for adopterte)
Frå årskiftet 2025-26 samarbeider Memoar med "Adopterte Sammen" for å få fram meir av denne delen av historia. Personar som kan tenkje seg å delta i dette, kan ta kontakt med "Adopterte Sammen". Memoar kan bidra med å lage fleire intervjuopptak - også anomymiserte intervju dersom det er påkravd.