Bli med på Memoarkonferansen 2026
Omar Dajani vaks opp i Valdres og har valdresdialekten som sitt munnlege hovudmål, kombinert med nynorsk som skriftmål i vaksen alder. I intervjuet fortel han om språkleg oppvekst, møte med bokmål i skulen og eit seinare medvite val om å gå over til nynorsk, særleg gjennom jusstudium og yrkesliv. Han legg vekt på språkets rolle som kommunikasjonmiddel, og drøftar skilnader mellom bokmål, nynorsk og dialekt i både formelle og uformelle samanhengar.
Faren til Omar var palestinar frå Jaffa, fordriven i 1948, med ingeniørutdanning og yrkesliv prega av arbeid i USA og Midtausten. Forholdet til arabisk og engelsk, og faren si manglande tilknyting til norsk talemål, er ein del av bakteppet for Omars språklege erfaringar. Intervjuet tek også opp dialektendring, representasjon, fordommar, og samanhengen mellom språk, identitet og tilhøyrsle
0:02:34 – Om å vekse opp i Valdres – språk
0:03:45 – Kvar kjem dialekten frå?
0:05:19 – «Språk er først og fremst kommunikasjon»
0:06:49 – I kommunikasjon med utanbygds folk – kva ofrar ein?
0:08:19 – Forholdet til engelsk
0:09:45 – Faren og det arabiske språket
0:13:35 – Språket si grenseløysande rolle
0:16:52 – «Ein skal ikkje plante potet, ein skal setje potet»
0:18:07 – Fordomar frå Valdres – antatte eller faktiske?
0:20:18 – Bokmål i oppveksten, nynorsk i vaksenlivet
0:23:58 – Jus, tåkespråk og nynorsken si klarleik
0:26:14 – Bokmål – eit kansellispråk? Passive formuleringar
0:30:08 – Valdresmål og nynorsk – meir klårleik?
0:32:04 – Nynorsken si tilbakegang
0:33:53 – Det karslege dialektmiljøet på yrkesfag – andre motstraumar
0:38:11 – Hallingdal vs Valdres, samt valdres‑uttak
0:42:10 – Språk og isolasjonen si rolle for identiteten
0:44:17 – Representasjonen si rolle for dialektbevaring
0:48:38 – «Har du bokmål på skulen, slit du med språket heile livet. Har du nynorsk, står du sterkare»
0:50:42 – «Dialektskriving» kontra nynorsk eller bokmål
0:52:55 – Jusstudia
0:55:12 – Dialekt og nynorsk – eit medvite val
0:57:56 – Gleda ved språket, samt vanskar og misforståingar
1:01:52 – Om dativ, med ei illustrerande historie frå/om Olav Norheim
1:04:09 – Dialektendring – frå Jaffa til Valdres