Bli med på Memoarkonferansen 2026
Memoar og Nynorsk kultursentrum samlar inn munnlege minne om språk, identitet og språkhistorie i Valdres. Målet er å ta vare på personlege forteljingar om språkbruk, haldningar til språk og språkendringar gjennom livet – frå barndom til vaksen alder.
Valdres er eit spennande område med mange språkdebattar – både om valdresdialekta og om nynorsk eller bokmål som opplæringsspråk. Mange har eigne erfaringar med språk som ein viktig del av livshistoria si. Desse forteljingane ønskjer vi å dokumentere og bevare for framtida.
Memoar er ein frivillig organisasjon som har til formål å fremje ein kultur for å vare på og dele munnlege forteljingar om levd liv, og Nynorsk kultursentrum er eit museum som formidlar og forskar på nynorsk skriftkultur. Denne vinteren har vi intervjua ei rekkje personar i Valdres som har språk som ein del av livshistoria si. No inviterer vi til ein open kveld der vi fortel om arbeidet, og der både forteljarane og publikum blir inviterte med i samtale og refleksjon rundt munnleg historie, språkhistorie i levande minne og språk og identitet i Valdres. Velkomen!
TID: Torsdag 19. februar 2026, kl. 18 i Festsalen, Valdres Folkemuseum - GRATIS!
ARR: Memoar, Nynorsk kultursentrum og Valdres mållag -
I løpet av tre intervjudagar vart det samla 14 intervjuopptak med 15 personar som alle har personlege erfringar med språkutviklinga i Valdres. Eldste var lars Kolstad på 92 - yngste var Knut Kvåle Garthus på 18. Til saman gir dei eit rikt og mangaldig augeblikksbilete av språksituasjonen i januar/februar 2026.
Bileta over blir klikkbare etter kvart som forteljarane gir samtykke til publisering. Torsdg 19 februar er alle 15 inviterte til forteljekvelden på muséet for å dele minne og refleksjonar om språk og øvrig immatriell kulturarv i Valdres. Møtet er gratis og ope for alle som er interesserte.
Det var Nynorsk Kultursentrum som tok initiativet hausten 2025. Dei har tradisjon for å samle minneintervju om språkutvikling. Men intervjuopptak er litt på sida av det dei elles driv med - derfor tok dei kontakt med Memoar for å høyre om det var interesse for samarbeid. Dette kom samtidig med at Memoar var i prosess med UNESCO om å stadfeste at munnleg historie - samlingar av minneintervju - er ein viktig del av den immaterielle kulturarven. Språk som berar av immateriell kulturarv er jo også eit viktig element sm har hatt lite fokus tidlegare. Det var svært interessant for Memoar å synleggjere kor sentralt minneintervju er det "immaterielle kulturvernet". Dermed tok det ikkje lang tid før tanken om eit prosjekt vart materialisert. Valdres vart vald - dels av di Valdresdialektane er utropt til "Noregs vakraste" i fleire uhøgtidelege rqadioprogram, og dels av di Valdres er eit område der skulemålsavstemmingar har bylgja litt fram og tilbake.
Sparebankstiftelsen DNB stilte opp med finansering av prosjektet, og med litt tilskot frå Nynorsk Kultursentrum og litt frivillig innsats frå Memoar i tillegg som kom vi i gang for alvor. Artiklane nedanfor vart alle publiserte i forkant og undervegs i gjennomføringsfasen.
Nynorsk kultursentrum, Musea for skriftkultur og Memoar planlegg eit pilotprosjekt i Valdres: "Språkhistoria i Valdres – innsamling av munnlege minne".
Målet er å ta vare på personlege forteljingar om språkbruk, haldningar til språk og språkendringar gjennom livet – frå barndom til vaksen alder.
Valdres er eit spennande område med mange språkdebattar – både om valdresdialekta og om nynorsk eller bokmål som opplæringsspråk. Mange har eigne erfaringar med språk som ein viktig del av livshistoria si. Desse forteljingane ønskjer vi å dokumentere og bevare for framtida.
Prosjektet skal prøve ut "Memoarmetoden" for å samle inn moderne språkhistorie. Vi ønskjer å samarbeide med lokale partnarar som mållag, historielag og Valdresmusea – både om tema for samtalane og om å finne personar som vil la seg intervjue. Intervjua skal takast vare på og gjerast tilgjengelege gjennom Nynorsk kultursentrum og Memoar. På sikt vil vi bruke røynslene frå Valdres til liknande innsamlingar i andre delar av landet.
Kontakt i Memoar: Bjørn Enes
Kontakt i Nynorsk Kulrtursentrum; Fredrik Hope
Dei fleste intervjuopptaka vil foregå på Valdres Folkemuseum på Fagernes tirsdag 27 og onsdag 28. januar. Det blir også ein intervjudag - onsdag 4/2 i Oslo, i lokala til Noregs Mållag (Dronningens gate 22.)
Kveldsarrangement torsdag 19. februar:
Alle som har blitt intervjua og alle andre som er interesserte i språk og dialekt blir inviterte til ope kveldsarrangement på Valdres Folkemuseum.
På kveldsarrangementet kjem intervjuar Bjørn til å innleie med nokre refleksjonar etter intervjuserien. gullkorn frå og nokre refleksjonar etter intervjuserien. Alle som har blitt intervjua blir inviterte til å delta i samtalen. Arrangementet blir også ope for andre språkinteresserte i Valdres.
Vi kjem til å rigge opp eit "intervjustudio" på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Der vil vi invitere både vanlege språkbrukarar og fagpersonar til samtalar som på biletet. (Bildet er frå Åseral 2020)
Vi ber om samtykke til lyd- og videoopptak. Før optaket blir arkivert, får den som har blitt intervjua sjå gjennom for å vurdere om noko skal takast ut av intervjuet.
Etter at alle intervju er gjennomført, blir alle forteljarar inviterte til eit kveldsarrangement - også det på Voss Folkemuseum. Tema: Språkutvikling i Valdres i vår tid ("manns minne")
Alle som har blitt intervjua i prosjektet har signert samtykke til opptak, dokumentasjon og arkivering. Dei har også blitt oppmoda til at vi kan gjere intervjua tilgjengelege for alle som er interesseerte i språk særskilt og immateriell kulturarv generelt. Sjå samtykkeerklæringa til høgre
Intervjugaiden er ei "oppskrift" laga i forkant, på korleis intervjuet skulle foregå og kva det skulle innehalde. Det vart laga fyrst og fremst for dei som skulle gjennomføre intervjuet, Evalueringa av gaiden blir eit av dei interessante momenta i evalueringa.
Nynorsk Kultursentrum ønskjer ein eigen avtale - den ligg som side 2 i samtykkeskjemaet
Bjørn er ein av Memoars mest erfarne intervjuarar. Han har arbeidd i industri og fagrørsle halve arbeidslivet, og i media den andre halvdelen. Han har arbeidd som både avis- og fjernsynsjournalist. Sidan 2003 har han vore frilansar i arbeid med sakprosa og dokumentarfilm. Han var med å starte Memoar i 2015 og har sidan arbeidd mest med munnleg historie. Kontakt: bjorn@memoar.no
Onsdag 26/11 (2025) kom gladmeldinga om at Sparebankstiftelsen DNB støttar forprosjektet med 50.000,- kroner. I tillegg legg både Nynorsk Kultursentrum og Memoar inn midler. Valdres Folkemuseum bidrar med lokaler, og både mållaag i Valdres og Memoar legg inn frivillig innsats.
Frå tidlegare intervjuseriar:
(Stord, Nesbyen, Bardufoss, Åseral)